Inspirerande apell frå Kroken

Johan Kroken, listetopp og ordførarkandidat for Venstre i Selje, heldt appell på Stadlandet då partia i Selje arrangerte felles valkampstand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Johan Kroken heldt ein inspirerande apell under valkamparrangement på Stad.

Johan Kroken heldt ein inspirerande apell under valkamparrangement på Stad.
Foto: Håvar Fagerli

Johan Kroken heldt ein flott appell på Leikanger på Stadlandet laurdag 3.september. Kroken opna med eit ønskje om openheit i kommuna, og kor viktig det er at avgjerdslene skal bli tekne i offentlegheit, og ikkje i lukka rom.

Johan trekte fram lokale saker som til dømes ein av sine kjepphestar, symjeundervisning, noko som er veldig aktuelt når ein bur ved kysten. I valprogrammet til Selje Venstre står det at ein vil at alle skal lære seg å symje innan dei er ti år. Dette må prioriterast, og ein må finne måter å løyse dette på.

Selje Venstre har òg vore med og utforma ein visjon for Nordfjord fram mot år 2021, som alle Venstre-laga i nordfjordkommunane har samarbeidd om. I dette visjonsdokumentet vert dei større sakene omtala, slik som t.d. lokalsjukehus, vidaregåande skular og næringsliv. Ein vil med andre ord ha eit tettare samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Johan Kroken avslutta med å ønskje alle frammøtte eit godt val, og håpa at Selje Venstre igjen vart representert i kommunestyret.

1. kandidat Johan Kroken og 2. kandidat Kariann Myklebust Fagerli møtte veljarane med godt humør.

1. kandidat Johan Kroken og 2. kandidat Kariann Myklebust Fagerli møtte veljarane med godt humør.
Foto: Håvar Fagerli
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**