Mitt lokalsamfunn

Ordførarkandidat Kari Grindvik ønskjer eit miljøvenleg samfunn som gir velferd når du treng det, har ein god skule for kunnskap og like moglegheiter og legg til rette for kreativitet og nyskaping.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Mitt lokalsamfunn
Dette valet handlar om korleis lokalsamfunnet vårt skal vere. Eg er utruleg glad i kommunen vår. Difor vil Venstre og eg sette folk først, og skape eit lokalsamfunn der alle får høve til å utvikle seg for sin eigen del og for nærmiljøet sitt.

Då må vi gi meir til dei svakaste. Det kan ikkje vere slik at vi ikkje snakkar om dei borna som veks opp i vanskelege kår. Ingen vel sin eigen barndom, og Venstre vil difor legge til rette for at alle får ein like rik oppvekst. Vi må gi borna eit godt fritidstilbud, god oppfølging i skolen og familiane som treng det, verdig hjelp. Samtidig må vi skape nye arbeidsplassar, sikre at arbeidsløysa er lavast råd og at vi får skape dei verdiane vi treng for å sikre velferden. Nøkkelen til dette er å satse på gründeren. Venstre vil støtte opp om dei som vil skape teneste, produkt eller opplevingar for seg sjølv og andre. Vi vil ha eit kreativt og nyskapande samfunn.

Ei anna viktig sak for Venstre her hos oss er skulen. Ein skule for kunnskap og like moglegheiter er ein skule med gode lærarar. Difor vil vi gi alle lærere systematisk etter- og videreutdanning, for at dei skal få utvikle seg og bli motiverte til å gi enda betre undervisning til våre elevar. Dagens skuleelevar er morgondagens vaksne. Difor må vi sette elevane først, og gi kvar einskild elev den opplæringa som trengst for å bli best på det eleven er god på.

Folkeveksten er ei stor og gledeleg utfordring. Eg og Venstre er opptekne av at alle bygdene i Skodje må få ta del i denne veksten og at vi som politikarar har ansvaret for å lage gode planar for korleis vi skal ta i mot denne veksten best mogleg. Skodje skal vere ei god kommune for alle som vil bu her.

Venstre ønskjer eit miljøvennleg samfunn, der det er lettare for kvar einskild av oss å leve miljøvennleg. Det gjer vi ved å gjere det dyrare å forurense og billegare å velje miljøvennleg, samtidig som vi vil styrke kollektivtilbudet, med billegare billetter, fleire avganger og betre intern kommunikasjon mellom bygdene.

Eg og Venstre drøymer om at Skodje og Sunnmøre skal vere eit miljøvenleg samfunn som gir velferd når du treng det, har ein god skule for kunnskap og like moglegheite og legg til rette for kreativitet og nyskaping. Det er å sette folk først.

Godt valg!

Skodje Venstre

Kari Grindvik
1.kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**