Næringsutvikling, areal og næring

Eit framtidsretta næringsliv er viktig for Nord- Aurdal kommune og for Valdres. Nord – Aurdal Venstre vil arbeide for å skape eit aktivt og framtidsretta næringsliv som skaper bulyst og arbeidsplasser .

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Næringsutvikling
Nyskaping og samhandling er viktige
faktorar for næringsutviklinga i Valdres.
Venstre i Nord-Aurdal vil leggje vekt på å
skape gode vilkår for næringsdrivande og
vera eit parti for lokale bedrifter. Valdres
er avhengig av eit nyskapande næringsliv.
Nord-Aurdal kommune skal vera ein jakommune!
Areal og næring:
Utvikling av Fagernes er viktig for heile
Valdres. Venstre i Nord-Aurdal vil sikre
tilstrekkeleg areal for ulike typar næringsverksemd.
Derfor må vi sjå Fagernes og
Leira som eitt næringsområde. Venstre vil
syrgje for at det blir laga handlingsplanar
for stad- og næringsutvikling, med
deltaking av grunneigarar, utbyggarar,
politikarar, kommunen og Valdres Naturog
Kulturpark. Venstre vil arbeide for at ny
E-16-trasé utanom Fagernes sentrum blir
avklara så raskt som mulig.
Landbruk:
Venstre vil ha ein liberal og ansvarsfull
haldning til prosessane i landbruket: Vi vil
arbeide for meir foredling av lokalprodusert
mat og drikke, mjuke opp buplikta,og gjera
det lettare å dele frå landsbrukseigedomar.
Venstre vil dessutan arbeide for ein grundig
gjennomgang av odelslova.
Venstre vil ta vare på gründermentaliteten i
landbruket. Vi må i større grad sjå samanheng
mellom ressursane i landbruket,
lokal landbrukspolitikk og næringspolitikk.
Venstre er opptekne av god balanse
mellom bruk og vern: Bonden skal få løn
for å hindre attgroing og for å ta vare på
kulturlandskapet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**