Ny sjukeheim på Tysnes

For fire år sidan, gjekk Venstre til val for ny sjukeheim på ny stad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Våre argument for dette er;
– Me treng meir areal til utbygging/ betre uteområde/ ein plass med meir sol.
– Me skal ha ein modene og framtidsretta sjukeheim.
-Me skal legge til rette for at brukarane får eit verdig tilbod når dei har trong for dette.
Ei ombygging av eksisterande sjukeheim vil ikkje etter vårt syn stetta desse krava.
Venstre var med på fleirtalsframlegget om ny sjukeheim på ny stad i juni, me vil framleis kjempa for ny sjukeheim på ny stad. Me veit at rådmannen og fleire politiske parti set døra på gløtt for igjen å greie ut ombygging av den gamle sjukeheimen, det vil aldri bli ei tilfredsstillande løysing.

Me har no brukt fire år å greie ut saka, me har eit fleirtalsvedtak på ny sjukeheim.
Tysnes treng politikarar som vågar å satse på Tysnes!
For å avslutte med eit råd frå Bjørnson; Hopp Caroline, hopp!

Torstein Hatlevik
Britt Godøy
Linnbjørg Lunde
For Tysnes Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**