Skule, barnehage og kulturskule

For Nord- Aurdal Venstre er skule , barnehage og kulturskule viktige satsingsområde i kommunen – les her kva vi vil jobbe for :

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Skule, barnehage og
kulturskule
Skule og barnehage:
Satsing på skule og barnehage er ei investering
for framtida. Dyktige pedagogar og
gode læringsmiljø er viktig for at barn og
unge skal trivast, og halde på lysta til å
lære meir gjennom heile skuleløpet. Venstre
i Nord-Aurdal vil:
Investere i gode IKT-løysingar, undervisingsmateriell
og lærebøker.
Utvikle og utstyre skulane og barnehagane
slik at dei inspirerer til læring, leik, kulturell
og fysisk aktivitet.
Legge til rette for vidareutdanning og
kompetanseheving av tilsette i skulane og
barnehagane.
Styrke satsinga på entreprenørskap i
skulen.
Styrke skulehelsetenesta og det sosial- og
spesialpedagogiske fagpersonellet.
Tilby skulefritidsordning om sommaren.
Kulturskulen:
– er ein viktig aktør for utviklinga av kulturlivet
i kommunen. Venstre vil:
Sikre ressursar som tek vare på breidde,
mangfald, kvalitet og integrering.
Legge til rette for samarbeid mellom kulturskulen
og skulen.
Tilby undervising også for vaksne.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**