Frå Amsterdam til 3. plass på Venstrelista i Bremanger

Som vel integrert medlem av det norske samfunnet, vil eg kort fortelje om min reise frå ein drøm som eg hadde i Nederland, som såg ut til å forbli berre ein drøm, til realisering av denne drømmen i utkant Noreg. Drømmen er å ha gard med dyr, noko som er heilt vanleg i Noreg, men nesten ein utopi i Nederland, i hvert fall for dei som likar å drive med sitt i det små. Det eg ikkje visste var at det fins masse meir enn berre gard og sau, hest eller kyr. Kulturminner som gravrøyser og helleristningar som framleis er godt synleg og dermed ein del av kvardagslivet, gjer at utkant Noreg har noko heilt spesielt å tilby til dei som har lyst å utforske Noreg som turist.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Vakampturne i Sogn og Fjordane

Eg har funne garden i Botnane og skal no satse på sau i kombinasjon med gardsturisme og norsk kulturhistorie. Vi har gravrøysa framfor døra og garden er det gamle posthuset i Botnane . Dei tre elementa inviterer til at eg kan skape min eiga arbeidsplass. Det å skape sin eiga arbeidsplass er viktig i utkant Noreg for det er ikkje alltid like lett å berre flytte all arbeidsinnsats til storbyar. Kor blir det av norsk arv da? Det høyrtest kanskje litt rart ut av ei som ikkje er fødd og oppvaksen her i landet, men det å snakke med dei eldre i bygda, og vere engasjert i mi eiga grend og Kommune gjorde at det Norske kraup under huda mi . Men ein må tørre å satse, og det er der Kommunen kjem inn. Ein klarar det ikkje aleine med pågangsmot. Eg har alltid følt at døra til Bremanger Kommune sto vidt open for dialog, råd og bistand. Så lenge politikarane ser at verdiane og resursane på plassen må brukast og utnyttast maksimalt, kan ein nå langt. Venstre i Bremanger er også optekne av at små gründerar får friheit og støtte til å la skapingslysta blomstre.

I Venstre vil vi jobbe hardt for å la dei som har lyst å satse i si eiga Kommune lykkast. Eg vil hermed oppmode alle som har lyst å skape seg det gode kvardagslivet i utkant Bremanger: Begynn med å gå til valurna og stem Venstre!

Jacqueline Mannaart
Kandidat nr. 3. Bremanger Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**