Fritt grunnskuleval i Vinje

Det er nå på tide å gje elevar i grunnskulen og deira føresette rett til fritt å velje kva for ei skule elevane skal gå på, seier Børge Skårdal i dette innlegget. Børge er 2. mann på Vinje Venstre si liste ved dette valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ein slik rett eksisterer for dei vaksne: Utan å tenke på at dei må søke om lov eller at dei må ha særskilt grunngjeving for det, kan dei ta stilling i ei anna bedrift og ein annan stad.
Elevar som har ein utriveleg situasjon på skulen, anten dei lærer lite, dei blir plaga eller utestengde, eller det sosiale miljøet blir for smalt, har lite dei skulle ha sagt. Dei har i alle fall få formelle rettar utover å søke om overflytting. Slike søknader er då underlagt politisk skjønn, dvs. det er opp til kva ei gruppe (eldre) politikarar meiner og trur. Omsynet til den einskilde eleven kan då for ein del politikarar telje mindre enn omsynet til skulen. I alle fall er det andre enn dei som “har skoen på” som tek avgjerda.
Tenk om det var slik at ein måtte søke Vinje kommune om lov til å slutte i ein jobb og begynne i ein annan?
Etter mitt og Vinje Venstre sitt syn er dette ein heilt unødvendig innskrenking av den personlege fridomen.
Vinje Venstre har nå programfesta fritt skuleval.
Om vi får plass i kommunestyret komande periode, vil vi arbeide for at kommunen kneset som prinsipp at alle søknader om overflytting skal innvilgast.
Stem Venstre og få Oscar Garnes inn i Vinje kommunestyre.
Det er mykje bra i Vinje, og kommunen har fortent fått mange prisar.
Men det manglar ein Oscar.
Dette kan du gjere noko med!

Børge Skårdal
Nummer 2
Vinje Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**