Trine Skei Grande i Sauda

Foto: Sauda Venstre

På måndag tok 1.kandidat i Sauda Venstre, Vegard Bjørnå Floa, imot partileiar Trine Skei Grande i Sauda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Trine og Vegard

Foto: Venstre

Ho og fylkeskandidat, Helge Solum Larsen, var på ein rundtur i fylket og i Sauda vitja dei Eramet og Sauda vgs.
På Eramet fek Trine og Helge informasjon om korleis bedrifta arbeidar med å energieffektivisere drifta. På Sauda vgs var hovudtemaet skulen sitt arbeid med å opprette ei internasjonal linje. Rektor Espen Thompson og prosjektgruppa ved Sauda vidaregåande skule har fått støtte av Ryfylkefondet til å arbeide med å legge til rette for internasjonal linje i Sauda. Tilbodet vert unikt for Sauda og det einaste i sitt slag i Noreg.
Venstre er svært positiv til ei slik satsing.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**