Det er ikkje det same kven du stemmer på

Det er skilnad på dei politiske partia, også i Skodje. Mange gonger dei siste fire åra har det vore gjort vedtak med knapt fleirtal. Di røyst på valdagen kan avgjere kva for ei side som får fleirtal dei komande fire åra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I budsjettet for 2009 foreslo Venstre å styrke ramma til grunnskulane med ein halv million kroner, men fekk berre sine eigne røyster. For 2010 og 2011 la Venstre fram sitt eige alternative budsjettframlegg. For å sikre at vi også i framtida skal kunne drive ein god skule vil Venstre unngå å tære på grunnkapitalen i kraftfondet. Dette var fleirtalet ikkje samde i. Skodje kommune har difor dei to siste åra «pissa i buksa for å halde varmen». Kulden kjem til å verte desto strengare når han først slår inn.
Skodje Venstre var villige til å ta sin del av ansvaret, og ta imot 15 nye flyktningar med opphaldsløyve då Skodje kommune fekk spørsmål om det. Å ta imot flyktningar og heimlause er ikkje berre ei kristenplikt, men også noko som gjer kommunen vår til ein varmare, meir variert og spennande stad å vere. Alle dei andre partia sa nei, trass i at staten sender fleire millionar kroner til kommunen saman med flyktingane.

Miljø
Røystetalet har vore 11-10 to gonger når kommunestyret til liks med kommunestyret i Ålesund har vore med på å støtte Norsk Bane si utgreiing for høgfartstog til Sunnmøre.
Allereie i 2008 foreslo Venstre å innføre ei enkel ordning for plastinnsamling. Alle dei andre partia røysta mot. No er plastinnsamling likevel i ferd med å bli innført i Skodje. Ikkje fordi politikarane har endra meining, men fordi Ålesundregionens Interkommunale Miljøselskap har bestemt det.
Venstre var også åleine om å røyste for at alle tiltak i strandsona skal handsamast av det kommunale planutvalet. Fleirtalet ville overlate slike saker til administrasjonen.

Velferd
Det var med knapt fleirtal kommunestyret i 2010 vedtok å fornye leigeavtalen for ungdomsklubben i Long Horn-lokala.
Med 11 mot 10 røyster gjekk kommunestyret inn for å søkje om å få vere med i prøveordninga med røysterett for 16- og 17-åringar. No fekk ikkje Skodje kommune vere med i forsøket, men det var altså berre såvidt over halve kommunestyret som var villig til i gi dei unge sjansen.
Då legane ville at nattlegevakta skulle vere i Ålesund i staden for i Ørskog, slutta fleirtalet seg til dette. I Venstre vil vi setje folk først, og ville som einaste partiet først prøve å halde på den gode ordninga med legevakt på Ørskog også om natta.

Folk først
Eit fleirtal i kommunestyret har ved fleire høve prøvd å effektivisere den politiske sakshandsaminga ved å samle makta på færre personar. Dette strir mot alt det Venstre trur på, og vi har røysta for at kommunen skal ha fleire fagutval, eit eige utval for plansaker, og for at politikarane skal få vere med å ta avgjerd i mange saker som rådmannen i dag avgjer åleine. Venstre har her stått fram som den einaste garantisten for at folkestyret vert delt mellom flest mulig menneske.

Godt val!

Arnstein Sæthre
listekandidat for Skodje Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**