Byrådet hindrar køprising

Venstre har sikra fleirtal i fylket for køprising i Bergen. Diverre stikk Monica Mæland og resten av byrådet kjeppar i hjula.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Julie Andersland

Foto: Tor Blaha

Innan utgongen av 2011 må det vere semje mellom fylket og byrådet om dei tiltaka som skal til for å få statlege belønningsmidlar til vidare utbygging av Bybanen. Onsdag 30. november treftes representantar frå fylket og byrådet for å einast om ei løysing til å tilfredsstille
Samferdsledepartementets krav til desse midlane. Byrådet var ikkje interessert i å vike ein tomme.

Belønningsmidlane er ei statlig overføring til bruk i dei byane som kan vise til ein forpliktande tiltaksplan for å redusere biltrafikken. I Bergen sitt tilfelle er det snakk om 550 millionar kroner over dei neste fire åra til vidareutbygging av Bybanen, eit løft for kollektivtrafikken generelt, og for fleire og betre gang- og sykkelvegar.

Etter at byrådet nekta å rushtidsdifferensiere bompengane som ein del av denne avtalen mellom kommunen og fylkeskommunen, får Samferdsledepartementet no tilsendt avtalen slik ho opphavleg låg føre frå fylkesrådmannen. Planen inkluderer samstundes ein forpliktande auke i bompengane som er tilstrekkeleg til å imøtekome krava om ein trafikkreduksjon på fem prosent. Det gjer at han etter alt å døme er god nok til å utløyse midlane. Dei vil likevel berre utløysast om byrådet går med på opptil ei dobling av bompengane ved bompengesøknaden neste år, slik planen vi er blitt einige om legg opp til.

Synd at ikkje kjøprising er med
Planen har ein stor mangel når han ikkje inkluderar bruk av rushtidsdifferensierte bompengar for å få ned køane inn mot Bergen sentrum. Det var bakgrunnen for at Venstre samla fleirtal for å inkludere ei slik ordning i fylkesutvalet. No er det likevel slik at ein plan ikkje kan tre i kraft om ikkje byrådet i Bergen også er med på han. Difor er det så synd at ikkje KrF i Bergen tør gjere som sine partifellar i fylket, og røyste for ei slik ordning. Med deira program i hand kan ein trygt hevda det er fleirtal for køprising både i Bergen og i fylket. Viss tiltaka i planen viser seg å ikkje vere gode nok, blir det ikkje meir pengar til korkje buss eller Bybane. Det er eit ansvar KrF må bere på sine akslar.

Den dagen minst eitt av byrådspartia snur, er Venstre og fylkeskommunen klare til å innføre køprising i Bergen. Vi har likevel akseptert planen slik han no ligg føre. Vi skulle gjerne hatt ein endå betre tiltaksplan, men vi driv ikkje hasardspel med 550 millionar til betre buss og bane.

Mona Hellesnes, gruppeleiar for Venstre i fylkestinget
Julie Andersland, gruppeleiar for Venstre i bystyret

Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende lørdag 10. desember.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**