Arena Eide as

Suldal Venstre fekk fleirtal (5/2), i formannskapet om å utsetje saka vedk etablering av Arena Eide as.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Forebygging av frafall i idrett blant ungdom - dans

Foto: AA

Styret i Rygjatun Eigedom ønskjer å stifte eit heileigd dotterselskap, Arena Eide as, som skal drive med arrangementutvikling i samband med idrettsfasilitetane og kompetansen som finst på Eide.
Suldal Venstre er positive til innspelet i frå styret, men saknar meir informasjon i saka.
Me ønskjer mellom anna å få framlagt ein Forretningsplan, der ulike sider av etableringa blir belyst.
Pengane – kr.300.000,- – som rådmannen innstilte på å sette av som arbeidskapital, er ikkje sett av i det nyleg vedtekne busjettet.
Venstre ønskjer å føre ein ansvarleg økonomisk politikk, og vil difor ta saka opp att ved neste revidering av budsjett.
Venstre ser det som naturleg at mellom anna reiselivsnæringa i kommunen blir ein samarbeidspart i ei eventuell etablering av Arena Eide as.

Venstre sitt forslag fekk røystene i frå Ap, H, og Krf og lydar slik;

“Innspelet i frå Rygjatun Eigedom as vedk stifting av nytt heileigd dotterselskap, Arena Eide as, blir teke opp til vurdering i samband med neste revidering av budsjett.
Formannskapet må få framlagt Forretningsplan for Arena Eide as”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**