Årsmøte i Herøy Venstre

Herøy Venstre har hatt årsmøte. Her kjem høgdepunkta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Frammøte ni personar. Som du ser på val til styret, så har vi fått med oss nokre nye personar siste året. Fleire av dei vart valde til å ta på seg verv.

1. Kontingenten, som vi får tilbake frå Oslo stemmer ikkje med det som vi har vedteke. Vi har i fleire år hatt vedtak om at vi skal ha 150,- kroner pr. medlem. Likevel er det 100,- kroner pr. medlem vi har fått utbetalt. Vi skal stille spørsmål om dette på fylkesårsmøtet.

2. Val:
* Henry Jøsokbakke, leiar, valt som styremedlem til 2013.

* Anna Aasmo, kasserar, valt som styremedlem til 2013.

* Magnar Storøy, sekretær og nestleiar, valt som styremedlem til 2013.

* Dagrun Wiik Gjerde, valt som styremedlem til 2014.

* Solveig Katrin Dahlstrøm, valt som styremedlem til 2014.

* Mikal Dahlstrøm, Unge Venstre sin representant i styret. Valt til 2014.

* Marthe Knivsflå Toft, 1.vara til styret. Valt til 2013.

* Kjellaug Kvalsund, 2.vara til styret. Valt til 2013.

* Oddrun Eidem Kleppe, revisor. Valt til 2013.

* Valnemnd for årsmøtet i 2013: Magnar Storøy, (innkallar), Marthe Knivsflå Toft, Solveig Katrin Dahlstrøm. Vara: Fredrik Christian Baade.

* Utsendingar til fylkesårsmøtet på Waterfronthotellet i Ålesund 25. og 26.februar: Henry Jøsokbakke og Dagrun Wiik Gjerde. Vara: Magnar Storøy. Styret får fullmakt til å supplere lista viss nødvendig. Vi vil undersøke om Mikal Dahlstrøm kan møte som observatør.

* Nettsida: Mikal Dahlstrøm og Magnar Storøy er ansvarlege.

* Mikal Dahlstrøm presenterte Søre Sunnmøre Unge Venstre. Laget har allereie 27 betalande medlemar. Dei håper å få besøk av nasjonal Unge Venstre-leiar.

* Henry Jøsokbakke orienterte om året i kommunestyret. Han har også møtt ni gongar i formannsskapet i 2011 som vararepresentant.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**