Folk først

Sogn og Fjordane Venstre vil ha ein ny giv for nyskaping og nytenking. Sidan 2005 har vi hatt ei regjering som i for liten grad har satsa på miljø, på utdanning og forsking, dei svakaste i samfunnet, personvern, næringsverksemd og på bygginga av nødvendig infrastruktur i Noreg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Den raudgrøne regjeringa går stadig raskare i feil retning når det gjeld sentralisering og maktkonsentrasjon. Arbeiderpartiet er pådrivaren for at stadig meir makt og statlege arbeidsplassar blir samla i Oslo, og Senterpartiet taper alle dei viktige kampane om å spreie makt og arbeidsplassar.

Det er ei skam at regjeringa etter fire utsettingar ikkje har klart å leggje fram ei klimamelding for ein radikal reduksjon av det nasjonale CO2-utsleppa. Dette viser at det trengst ei ny regjering som kan ta miljø og internasjonale klimaavtaler på alvor. For å få ein reduksjon i klimautsleppa er det tydelig for Venstre at det må takast grep både nasjonalt og internasjonalt. Ein større satsing på kollektivtransport er eit av mange grep som må takast for å kunne imøtekomme måla Noreg har forplikta seg til.

Venstre vil gjere det dyrare å forureine og meir lønnsamt å skape arbeidsplassar. Nyetablerarar og småbedrifter må få betre vilkår. Vi må gå frå raud til grøn skatt, og formueskatt og arveavgift må fjernast snarast råd.

Sogn og Fjordane Venstre meiner det aller viktigaste i Sogn og Fjordane no er å legge til rette for nyskapande og lønsam næringsutvikling. Dei raudgrøne styrer i feil retning og brukar gammaldags medisin for å få fart på fylket.

Venstre meiner difor at det både i Sogn og Fjordane og nasjonalt, no meir enn nokon gong, trengs eit maktskifte. Venstre vil vere ein garantist for ei ny regjering i 2013, som kan syte for eit trendskifte innanfor næringsutvikling, miljø og meir fridom for einskildmenneske og lokalsamfunn over heile landet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**