Nei til Halvorsen si rasering av (ny)norsk!

Sogn og Fjordane Venstre vil ikkje at undervisninga i sidemål skal svekkjast ved at ein reduserer krava til skriftleg bruk av dette. Vi fryktar at ei fjerning av eigen karakter i sidemål, slik kunnskapsminister og SV-leiar Kristin Halvorsen tek til orde for, vil føre til ei svekking av norskfaget generelt og nynorsk spesielt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Bøker

Med det karakterpresset elevane i dag står ovanfor vil ei fjerning av sidemålskarakteren føre til ei nedprioritering av nynorsk. Den langsiktige fylgja vil bli ei svekking av nynorsk som igjen vil kunne vere eit steg på vegen til at nynorsk vert flytta til historiefaget.

Nynorsk er ein del av vår nasjonale litteratur og kulturarv, og skal etter vårt syn vere ein del av innhaldet i norskfaget.

Venstre ser på framlegget som eit utslag av fleirtalsdiktatur, som i dette tilfellet vil ramme mindretalet som i dag nyttar nynorsk.

Halvorsen sitt argument om at skuleelevar har vanskar med å tileigne seg nynorsk meiner vi skulle tilseie ei styrking, og ikkje ei fjerning av nynorskundervisninga. Å ta vekk dei delane av ulike fag som elevar til ei kvar tid har utfordring med å tileigne seg, vil vere eit feilsteg for opplæring generelt og i dette tilfellet nynorsk og allmenndanninga spesielt.


Kontaktperson for Sogn og Fjordane Venstre
Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**