Planforslaget Bybandet sør. Høyringskommentar frå Time Venstre

Time Venstre har uttalt seg til høyringa om Bybandet sør. Vi går mot nedbygging av jordbruksjorda og meiner at det må satsast sterkare på ei utbygging på Njåfjell mellom Lyefjell og Kvernaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Bustader på Njåfjell

Det blir argumentert for at avstanden til lokalsenteret på Kvernaland / Frøyland blir for stor. Ei bustadutbygging vil dermed føra med seg ei ny senteretablering. Dette er eit uhaldbart argument. Dei geografiske avstandane vil nok ikkje endra seg i framtida. Skulle eit slikt argument om avstand vera avgjerande ville det bety at Njåfjell / Lyefjell ikkje kan byggast ut nokon gong. Heller ikkje andre område som ligg aust for jordbruksområda på Jæren. Ein konsekvens av avstandsargumentet er at nedbygginga av jordbruksjorda på Jæren må halda fram fordi avstanden mellom senter og bustadområde då blir kortare. Sett i samband med mellom anna nasjonale retningsliner for vern av jordbruksjord er det klart at avstandsargumentet ikkje kan ha nevneverdig vekt.

Nedbygging av jordbruksjord

Planen legg opp til nedbygging av store delar av jordbruksjorda på Orstad, Kalberg og Frøyland, til saman om lag 1400 mål fulldyrka.
Fylkesmannen har foreslått at Frøyland, som har svært god dyrka jord, ikkje skal byggast ned. Argumenta i planen mot dette er i hovudsak:
måloppnåinga i prosjektet blir svekka. Hvis måla i prosjektet ikkje er heilt bra, er det bare fint at måloppnåinga blir svekka. Det er resultatet som er viktig, ikkje prosjektet.
at ein då må prioritera utbygging på Lyefjell høgare. For å spara jord er det akkurat det som bør gjerast. Det kan sjå ut som at det er viktig for planen at det ikkje blir bygd ut på Lyefjell.
at betydningen av Bybåndet sør då vil vera mindre for Time. Planen i seg sjølv er ikkje viktig for Time, det er resultatet som er viktig.
at det vil svekka trafikkgrunnlaget for ny fylkesveg 505. Argumentet er uhaldbart. Utbygging på Njåfjell / Lyefjell med ny veg nordover til tvert imot styrka grunnlaget for ny fv505. (Ellers så skal vel ny veg løysa eit behov ? Og ikkje omvendt: at utbygging må til for å støtta vegbygginga).

Dette er eit godt eksempel på den fullstendig manglande viljen i planen til å skjerma jordbruksjord.

Fordi det er viktig å hindra nedbygging av jordbruksjord vil vi forslå at planen blir avvist. Framtidig utbygging innafor planområdet bør skje på Njåfjell / Lyefjell.

Fylkesveg 505

Det er foreslått ein ny trase for fylkesveg 505 frå Netland / Kvernaland (sør for TKS) i delvis tunnell til Hådalen nord for Fjermestadvegen. Det manglar grunngjeving for denne vegen.
Omlag ein tredel av morgontrafikken sørfrå mot Kvernaland kjem frå Lye. Resten kjem frå Bryne eller lenger sør. Ein stor del av denne trafikken skal truleg mot Sandnes, Forus og lenger nord.
Hvis det blir lettare å koma fram på RV44 vil truleg ein stor del av bilane frå Bryne reisa den vegen. Når veg frå Lyefjell nordover mot Frøyland / Kalberg blir bygd vil bilane frå Lyefjell reisa den vegen. Det kan gjerne bety ein halvering av dagens arbeidsreiser på eksisterande FV505. Då er det god grunn til å stilla spørsmål ved om den nye traseen nemnt ovanfor er nødvendig.

Vi vil foreslå at parsellen mellom Netland / Kvernaland og Hådalen utgår. I staden blir ny veg nordover frå Lyefjell til Fjermestadvegen prioritert.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**