Medlemsmøte for alle Venstre-medlemmar i Valdres!

Kva skal vera framtidas arbeidsplassar i Valdres? Korleis stimulere kreative krefter — som vil noko — til å skape ny sysselsetting? Dette og fleire spørsmål kan du vera med å diskutere på fyrste medlemsmøte Valdres Venstre, torsdag 3. mai, kl. 19.00 på Brennabu på Vaset.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Næringsutvikling

Foto: nn

Valdres har mange utfordringar og problemstillingar å ta stilling til i tida framover, ikkje minst utfordringar knytt til innovasjon og nyskaping. Kva skal vera framtidas arbeidsplassar i Valdres? Korleis stimulere kreative krefter — som vil noko — til å skape ny sysselsetting? Kva for statlege funksjonar kan flyttast til Valdres? Er vilkåra for etablering av ny næringsverksemd i Valdres tilstades?

Dette og fleire spørsmål kan du vera med å diskutere på fyrste medlemsmøte Valdres Venstre, torsdag 3. mai, kl. 19.00 på Brennabu på Vaset.

Dagleg leiar i Valdres Næringshage, Arne Erik Fønhus kjem, og vil løfte fram fem utfordringar for framtidas arbeidsliv i Valdres. Hilde Tveiten Døvre, kommunestyremedlem for Venstre i Nord-Aurdal og næringskonsulent i Valdres Næringshage kjem også. Ho vil vera med å styre debatten og samle trådane.

Under årsmøte i Oppland Venstre på Fagernes 11.—12. februar i år vart Valdres Venstre stifta. Gudmor og leiar i Venstre, Trine Skei Grande var med å blåse det nye laget i gang. Intensjon er å vera ein paraply for det regionale partiarbeidet, ein samlings- og diskusjonsarena med debattar, føredrag og formidling av kunnskap.

Det nye Valdres Venstre består per i dag av eit interimstyre med representantar frå kvart Venstre-lag: Hanne Byfuglien frå Etnedal, Gustav Fystro frå Øystre Slidre, Eivind Brenna frå Vestre Slidre og Knut Aastad Bråten frå Nord-Aurdal.

Det er fint om du sender ei tilbakemelding om du kjem eller ei innan 20. april til:

Eivind Brenna
E-post: [email protected]/ [email protected]
Telefon: 952 25 696

Knut Aastad Bråten
E-post: [email protected]
Telefon: 907 68 797

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**