– Venstre gjekk til val på å utnytte sjøen i mykje større grad enn i dag til kollektivtransport, så det er ei glede for meg å kunne seie at no får Nordhordland eit eige snøggbåtsamband og Sunnhordland sitt blei oppretthaldt; alt som ein dei av resten av Skyss sitt kollektivnettverk frå 2014, uttaler nestleiar i samferdselsutvalet Alf Helge Greaker (V). No er desse sambanda og ei rekkje andre lyst ut på anbod, og vi skjerpar i tillegg miljøkrava i kontraktane.
– Sambandet Nordhordland låg ikkje inne i fylkesrådmannen sitt opprinnelege framlegg tidlegare i år, til tross for det store engasjementet det har vore i regionen. Sambandet i Sunnhordland var innstilt lege ned. Dette var Venstre med på å snu.
– I Hardanger kom det også fleire innspel om å la turistruta starte i Lofthus i staden for dagens ordning med start i Nordheimsund. Det var Venstre einig i, og vi var med på eit framlegg om dette.
Næringslivet, mellom andre Miljøteknologi og Maritime CleanTech West har etterlyst miljøkrav når det offentlege skal gjere innkjøp. I framlegga til kontraktsgrunnlag såg Venstre difor behovet for å skjerpe krava til innovative løysingar for å løyse miljø- og utsleppsutfordringane, noko det blei fleirtal for til slutt. – På denne måten vil det offentlege både skape arbeidsplassar og gjere miljøet og industrien til vinnar, fortset Greaker.
Gjennom at tilbodet er ein del av Skyss sitt kollektivnett, kan passasjerane bruke same type billettkort ombord som på bussen. Bussane vil korrespondere i større grad enn i dag. – Media har omtalt Venstre si stemme i fylkespolitikken i denne saka som avgjerande, så då er denne avgjersla ekstra gledelig å avgjere det på denne måten, avslutter Greaker.
Saka har vore omtalt i avisene Sunnhordland og Strilen denne veka.