Interpellasjon til Fylkesordføraren til fylkestingssamlinga 5-6 juni 2012

Fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo har sendt interpellasjon til Fylkesordføraren. Bakgrunnen er at Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar store kunstskattar i fylket vårt, mellom anna samlingane etter skulptøren Anders Svor i Hornindal og Astruptunet i Jølster og fylket sine felles kunstsamlingar i Kunstmuseet i Førde med ca 800 verk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Fylkeskommunen er ein sentral aktør i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, som Sogn og Fjordane Kunstmuseum no er ein del av. Fylkeskommunen er også den største finansielle bidragsytaraen til det nye Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde, med eit investeringsbidrag på ca 40 mill NOK.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har dei siste åra opplevd sviktande besøkstal ved samlingane sine. Ved Svormuseet er til dømes besøket halvert dei siste ti åra. Det har også vore stor lokal misnøye med måten dei verdifulle samlingane har vore forvalta på.

I samband med opninga av ei ny utstilling på Svormuseet nylig, uttalte direktør Morten Johan Svendsen til Fjordabladet (10/5) at "Å få fleire folk til Svor museum er ikkje ei oppgåve for Sogn og Fjordane kunstmuseum" og vidare at "Om folk vil møte opp er deira sak, det kan ikkje vi engasjere oss så sterkt i." Han utdjupa dette i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane (11/5) på følgande måte: "Skulle vi gå for å få mykje folk, måtte vi berre lage arrangement med Tone Damli, men det er ikkje vår jobb". Han varslar også at skulebesøk — altså formidling til barn og unge – vil bli nedprioritert ved Svormuseet i tida framover.

Det internasjonale museumsrådet (ICOM — International Council of Museums), har definert eit museum på følgjande måte: Et museum er en permanent institusjon, ikke basert på profitt, som skal tjene samfunnet og dets utvikling og være åpent for publikum; som samler inn, bevarer/konserverer, forsker i, formidler og stiller ut materielle vitnesbyrd om mennesker og deres omgivelser i studie-, utdannings- og underholdningsøyemed.

Med andre ord: I museumsverda elles er formidling og samspel med publikum ein naturleg integrert del av museumsverksemda. Det står i sterk kontrast til det synet på museumsdrift direktøren for Sogn og Fjordane Kunstmuseum gir uttrykk for i intervju med Fjordabladet og NRK Sogn og Fjordane.

Spørsmål:
Er Fylkesordføraren samd med direktøren for Sogn og Fjordane Kunstmuseum i at det ikkje er museet si oppgåve å lukkast betre enn i dag med formidling av kunstverdiane?

Korleis meiner Fylkesordføraren at fylkeskommunen kan bidra til utvikling og aktiv formidling av kunstverdiane som blir forvalta av Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, både i det nye Kunstmuseet i Førde og i dei andre samlingane Kunstmuseet har ansvar for?

Alfred Bjørlo
Fylkestingsrepresentant

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**