Ei veldriven fylkeskommune

– Vi har ei veldriven fylkeskommune i Sogn og Fjordane. Det er eg sikker på at vi vil kunne ha i framtida også, dersom fylkeskommunen består, og det er ein viktig diskusjon i seg sjølv! Slik innleia fylkestingrepresentant Alfred Bjørlo sitt innlegg i generell politisk debatt i fylkestinget i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Men det interessante spørsmålet i tida framover er: Skal vi ha ein fylkeskommunal organisasjon for eit fylke i vekst, eller for eit fylke i stagnasjon.

Neste år går SFj ned frå fem til fire stortingsrepresentantar. Ikkje fordi folketalet går ned, men fordi dei andre veks medan vi står stille. Viss vi skal realisere dei visjonane for fylket som årsmeldinga og andre strategidokument for fylkeskommunen trekk opp, så er det ikkje godt nok at vi ikkje går nedover, uansett kva veg kneleddet måtte svinge. Vi må ha vekst. Og vekst kjem ikkje rekande på ei fjøl. Vilje til vekst og evne til vekst.

Spørsmålet er om vi har det, når alt kjem til alt. Mange stader i eit fylke om "skrik etter vekst, er det for tida mangel på bustader, særleg på leigemarknaden og for mindre leiligheiter for førstegangsetablerar. Det gjeld i Florø, i Førde, i Eid, i Stryn, i Sogndal og mange andre stader. Vi ligg bakpå med bustadbygginga. Vi har dei fleste stader ingen tydeleg bustadpolitikk — verken lokalt, regionalt eller nasjonalt.

Og vi er pussig nok ikkje spesielt opptatt av dei som kjem utanfrå og vil til fylket heller. Dei siste åra har arbeidsinnvandringa i fylket eksplodert. I dag har kvar tiande sysselsette i fylket innvandrarbakgrunn. Det er arbeidsinnvandring som får næringslivet i fylket vårt til å gå rundt. Og vi treng fleire. Berre i skrivande stund manglar fylket 800 kvalifiserte arbeidstakarar — på kort sikt er det berre arbeidsinnvandring som vil kunne vere svaret på det.

Men korleis tek vi arbeidsinnvandrarane imot? Gir vi dei systematisk norskopplæring? Tilbyr vi attraktive bustader? Får vi dei raskt inn i sosiale nettverk som gjer at dei blir verande og slår rot?

Svaret —trur eg – er i altfor stor grad nei, sjølv om dette er eitt av dei få områda i samfunnet der vi faktisk manglar statistikk.

Vi treng ein strategi for korleis vi kan bruke arbeidsinnvandring til å skape varig folketalsvekst i fylket, ikkje berre løyse akutte kapasitetsproblem i bedriftene våre.

Og så har vi flyktningane. I eit fylke som skrik etter vekst, er vi bedt av staten og Kommunenes Sentralforbund om å ta imot 175 flyktningar for busetjing i 2012. Vi — det vil seie kommunane, her iblant mi eiga heimkommune, har sagt ja til å ta imot berre 100. Og endå verre: Vi har til no i år — nesten halvvegs ut i året — berre tatt mot 20 — tjue — flyktningar for busetjing!

Og dersom nokon trur dette berre er ei utfordring for 2012, må ein tru om igjen. I år er vi bedt om å ta imot 175 — neste år blir vi bedt om å ta imot det doble — 350. Eller det 30-dobbelte av det våre kommunar har evna å ta imot så langt i 2012.

Med andre ord: Det står hundrevis av menneske – born, ungdom og barnefamiliar – "i kø" for å busetje seg i fylket vårt — samtidig som vi klør oss i hovudet over kva vi skal gjere for å folketalet opp, og vi som fylkeskommune set i gang svære prosessar på å tilpasse tenestetilbodet i fylket til ei framtid med færre unge menneske.

Kanskje skulle Sogn og Fjordane fylkeskommune synt like stort engasjement i å setje i gang prosessar for å ta imot fleire folk i fylket vårt — flyktningar, arbeidsinnvandrarar og unge i etableringsfasen — som vi no brukar på prosessar for å tilpasse oss ei framtid med færre folk — jmf skulebruksplanen? Vi treng meir opplæring til alle som kjem utanfrå . Vi treng fleire lærarar, ikkje færre. Og vi treng lokalsamfunn, ein frivillig sektor og eit kulturliv som er rigga for å ta imot folk utanfrå og skaper internasjonale møteplassar, til og med utover den store alleuropeiske delfinalen i Melodi Grand Prix i Florø i januar, der vi kan oppleve song på opptil fleire språk på ein gong og røyste på SMS, til enkelte i denne salen si enorme begeistring, og som eg kjenner at eg allereie gler meg til å lese om i årsmeldinga for fylkeskommunen for 2013.

Så heilt til slutt: Evnar og viljar trivselsfylket Sogn og Fjordane å ta imot dei menneska som faktisk står i kø for å kome til oss? Har vi som fylke ein strategi for innvandring? Har kommunane det? Eg hadde gleda av å vere i Florø i går for å lære korleis Flora kommune i 20 år systematisk har brukt innvandring som verkemiddel til å skape vekst — dei har busett 1200 flyktningar dei siste 20 åra og i tillegg mange, mange hundre arbeidsinnvandrarar – med stor suksess både samfunnsmessig og økonomisk. Det var inspirerande, og det overtydde meg om at det er mulig å få det til. Også i Sogn og Fjordane.

Og det spørs om ikkje strategiar for innvandring og tilflytting som nøkkel til vekst, bør vere ei av dei viktigaste sakene heile fylket bør arbeide med i åra framover.

– Alfred Bjørlo, 5. juni 2012.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**