Ekte liberalisme — meir enn teori!

I fjor sommar var ferielektyren min den nederlandske boka Kvinne går til lege, mann går på byen. Den handla om utfordringane eit nederlandsk middelklassepar fekk då kona vart sjuk og døyande av brystkreft. Den sjuke valde på slutten aktiv dødshjelp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Åsta Årøen

Foto: Tor Blaha

Den utløysande årsaka var at hovudpersonen mista kontrollen på blærefunksjonen. Eg synest boka skildrar godt ein situasjon vi alle er redde for, det å ha smerter, miste kontrollen, frykt for døden og dødsprosessen og ikkje minst, det å vere avhengige av andre. Det er mykje som er skjørt i ein slik situasjon. Mange døyande og deira pårørande opplever at døden er eit tema som er svært underkommunisert, og mange helsepersonell, kanskje ikkje minst legane i spesialisthelsetenesta, unngår eller prøver å skyve dette ifrå seg. I møte med eigen og andre si hjelpeløyse er det mange av oss som kjenner ubehag, det å vike unna er ein menneskeleg reaksjon.

Rett til aktiv dødshjelp blir frå tid til tid lansert som løysing på nokre av problemstillingane, no frå leiar Sveinung Rotevatn i Unge Venstre i duell i Vårt Land og på verdidebatt.no med KrFs Erik Lunde. Debatt er bra, men tyder ikkje at vi klarar å nærme oss det mest grunnleggjande: Retten til ein verdig død. Heller ikkje motstandarar av aktiv dødshjelp snakkar mykje om dette når pengane skal løyvast. Vi let som om døden ikkje finst, og vi vil snakke så lite som råd om den. Samfunnet treng meir debatt om døden, ikkje berre ideologisk duellering. Livet er praksis, ikkje teori.

Ny rettstilstand i Norge
Aktiv dødshjelp (eventuelt assistert sjølvmord,) inneber i praksis ein rett for legar til å hjelpe ein pasient til å avslutte livet, til dømes ved at legen skriv ut medikament med formål å gje pasienten høve til å avslutte sjølv på ein kontrollert måte, eller ved at legen foretar injeksjon, der målet er døden i løpet av kort tid. Statar som tillet ein slik praksis, brukar ofte å krevje at pasienten må vere hjelpelaus, ha store smerter eller vere døyande. Som regel blir det stilt opp ein viss kontroll av om dette verkeleg er pasienten sitt ønskje. Å innføre rett til aktiv dødshjelp vil medføre ein ny rettstilstand i Norge, sjølv om vi veit om tilfeller der aktiv dødshjelp har skjedd i praksis, (for eksempel legane Husebø og Sandsdalen). Kor mange pasientar som i dag får slik bistand, i det skjulte, er det ingen som veit, det er lite kunnskap og kontroll.

Aktiv dødshjelp er reint prinsipielt noko anna enn situasjonar der pasienten vel å avstå frå å få livsforlengande behandling eller vel å ta sitt eige liv, utan assistanse. Men slike situasjonar kan bli opplevde som vanskelege for helsepersonell og pårørande, sjå til dømes situasjonen på Sjukehuset Sørlandet. Ei palestinsk kvinner har formulert eit dødsønskje, og ho har gjennomført ein langvarig sveltestreik. Rettstilstanden er derimot klar: Medisinsk behandling krev samtykke, noko anna vil svekkje verdiar som pasienten sin tillit til helsevesenet og ytringsfridom.

Enkeltmenneskets autonomi
Ut frå ein liberal tankegang er tiltak som i størst mogeleg grad sikrar enkeltmennesket sin autonomi, ønskjeleg. Spørsmålet er om det blir resultatet. Eg trur ikkje aktiv dødshjelp vil betre situasjonen og autonomien til den enkelte døyande i særleg grad, kanskje tvert om.

Korleis vi blir møtte når vi skal døy, varierer sterkt. Ofte sviktar det på både med omsyn til omsorgsbehov, autonomi for pasienten og nærvær av eksistensielle spørsmål mellom pasient og behandlar. Samhandlingsreforma var tenkt å ta oss litt på veg, ved leggje til rette for meir lokal omsorg. Vi har diverre i media sett tilfelle der døyande blir kasteballar mellom nivå, i strid med eigne ønskje.

Uansett om vi vel ta vare på dagens lovregulering eller går for liberalisering, vil ein del menneske vil stå i fare for å oppleve tap av autonomi når døden nærmar seg. Dette kan vi gjere noko med. Vi må flytte debatten om korleis den enkelte skal får døy frå lovbok til praksisfeltet, og helst inn i finanspolitikken. Debatten om aktiv dødshjelp blir fort eit sidespor for dei teoretisk interesserte, på systemnivå. Omsorg og nærvær i respekt og i tråd med pasienten sine ønskje betyr i praksis alt, til slutt. Ekte liberalisme krev meir enn teori.

Åsta Årøen
Bystyrerepresentant for Venstre i Bergen

Innlegget sto på trykk i Vårt Land mandag 9. juli. Du kan også lese det på verdidebatt.no.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**