Uaktuelt med så dårlig naudnett!

Møre og Romsdal Venstre er klare på at det er uaktuelt med ein så dårlig dekningsgrad på naudnettet som det no vert lagt opp til.
– Kravet på 80% er for lavt i utgangspunktet, når vi veit at det reelt sett vil bli dårlegare dekningsgrad mange stadar i fylket vårt, meiner fylkesleder i MR Venstre Helge Hamre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Fylkesleder i Møre og Romsdal Venstre Helge Hamre.

Fylkesleder i Møre og Romsdal Venstre Helge Hamre.
Foto: Christoffer Biong

– Enno verre blir det når Direktoratet har senka kravet ned til 70%. Berekningar viser at enkelte stader i fylket vårt vil ein få ei dekningsgrad på ned mot 61%, og då går det verkelig ut over liv og helse, seier ein svært overraska MR Venstre-leder Helge Hamre.

Krevjande topografi
– I Møre og Romsdal, og store deler av landet, har vi ein svært krevjande topografi. Det er ikkje berre å ta seg nokre hundre meter over eit jorde for å få dekning. Vi snakkar om fjelltoppar og bruk av båt i krevjande vær. Alvoret fekk vi demonstrert under Dagmar, held Hamre fram, der folk køyrde og sprang kilometervis med mobiltelefonar og andre remediar for å få kontakt med omverda!

Møre og Romsdal Venstre krev at Faremo og regjeringa må gå minst ei runde til med leverandøren, og vil forfølgje denne saka med sin representasjon på Stortinget!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**