Skodje må ta ansvar og busetje fleire flyktingar

Vi som har mykje må dele med dei som treng det mest.
Skodje Venstre ønskjer at Skodje kommune skal ta i mot inntil 15 flyktningar i 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I formannskapt den 5.11.2012 skal formannskapet gi innstilling til kommunestyret om mottak av flyktningar i 2013. Rådmannen har lagt fram ei negativ innstilling, grunngjeve med manglande husvære og mottaksapparat.

Kommunene har ansvaret for flyktningar og asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve.
Det er no mange år sidan Skodje tok imot flyktningar. Skodje Venstre meinar at tida no er inne til å ta utfordringa frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og på nytt ønske flyktningar velkomne til vår kommune.

Skodje kommune er ei vekstkommune, noko som kan gje veksesmerter i infrastrukturen vår. Det må likevel vere rom for at vi strekkjer ut ei hand til dei som treng det mest og invitere dei til vårt fellesskap.

Det mogleg innanfor dei tilskotrammer som er tilgjengelege, å bygge opp eit godt støtteapparat rundt 15 flyktningar.

På bakgrunn av dette set Skodje Venstre fram følgjande innstilling:

Skodje kommune seier ja til å ta i mot inntil 15 flyktningar i 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**