Uttalelse: Ny start i asylpolitikken

Etter at Noreg nok ein gong har brote sine internasjonale plikter i asylpolitikken er det tid for å stoppe opp og gå gjennom dagens asylpraksis med kritiske auge. Venstre meiner vi treng ei omlegging av asylpolitikken i human retning, meiner sentralstyret i Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Den europeiske menneskerettighetsdomstolen (EMD) i Strasbourg har pålagt norske myndigheter å gi søskenparet Butt oppholdsttillatelse

Den europeiske menneskerettighetsdomstolen (EMD) i Strasbourg har pålagt norske myndigheter å gi søskenparet Butt oppholdsttillatelse
Foto: H. Bast

Uttalelse fra sentralstyret:
4. desember vart utvisningssaka mot Abbas og Fozia Butt avgjort av Den europeiske menneskerettsdomstolen. I ei samrøystes avgjersle fann domstolen at norske asylstyresmakter sin langvarige kamp for å kaste ut søskenparet bryt med menneskerettane. Søskenparet, som har budd 20 år i Noreg, må dermed ikkje forlate landet på bakgrunn av ein feil mor deira gjorde i asylprosessen på tidleg 90-tal. Etter Venstre sitt syn er denne saka eit trist resultat av ein asylpolitikk som set system framfor enkeltmenneske. Det er uakseptabelt, og Venstre er glade for at at borgarane sine grunnlegjande menneskerettar no vert sikra — sjølv om det diverre måtte kome gjennom påpakning frå ein internasjonal domstol.

At Noreg nok ein gong har brote sine internasjonale plikter i asylpolitikken bør likevel mane til djupare refleksjon, og til endringar som når vidare enn denne enkeltsaka. Målet til eit av verdas rikaste og tryggaste land kan ikkje vere å balansere hårfint på den eine eller andre sida av internasjonale menneskerettar. Målet må vere å føre ein rettsikker og verdig asylpolitikk som går utover det absolutte minimumsvern.

Det mest akutte er å gjere noko med situasjonen for born på flukt. Stortingsmeldinga om temaet, som nylig var oppe til politisk handsaming, bar meir preg av å vere ei drøftingsoppgåve enn ein handlingsplan. Regjeringa gjer kun kosmetiske endringar, og i realiteten er det ikkje tale om eit skifte av politikk i meir human retning. Venstre vil derimot leggje langt større vekt på omsynet til kva som er til det beste for bornet, og vil slå fast at born må sjåast å ha ei særleg tilknyting til riket dersom dei har budd i Noreg i meir enn tre år.

Venstre ønskjer at born i Noreg skal få klage til FN om staten ikkje oppfyllar rettane deira. Dette kan være særleg aktuelt for asylborn, der innvandringspolitiske omsyn og omsynet til borns beste vert sett opp mot kvarandre. Venstre vil difor at Noreg skal ratifisere tilleggsprotokollen til barnekonvensjon om klagerett.

Venstre vil at asylmottak skal drivast ut frå prinsippet om integrering frå dag éin. Asylsøkjarar må kunne lære språk, arbeide og bli ein del av lokalsamfunnet, også utan avklart ID. Det må også vere mogleg å byte frå asylsøknad til arbeidsinnvandringssøknad utan å måtte forlate Noreg. Dette vil gjere sakshandsaminga raskare og betre tilhøva for menneske som kan få opphald på andre grunnlag enn asyl.

Venstre vil:
•Grunnlovsfeste retten til asyl
•Ta langt større omsyn til kva som er best for bornet i asylsaker
•Gje asylsøkjarar utan avklart ID høve til å jobbe
•Auke talet på kvoteflyktningar frå FN
•Aldri returnere asylsøkjarar på tvers av tilrådingar frå FNs høgkommissær for flyktningar
•At Noreg signerar og ratifiserar FN si klageordning for brudd på Barnekonvensjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**