Næringsplan — Strategisk næringsutviklingsanalyse for Radøy kommune

Radøy Venstre fremja saman med Radøy Høyre ein interpellasjon for å få sett næringsutvikling på dagorden i Radøy kommune. I interpellasjonen vert det fremja framlegg om å nytte eksterne konsulentar for å få utarbeidd ein slik analyse/plan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I Radøy kommune har ein over lang tid nedprioritert å satse på strategisk næringsutvikling med utgangspunkt overordna planar. Konsekvensen er at næringsutviklinga har skjedd stykkevis og delt i samband med arealplanar, landbruk og forvaltning av næringsfond, og ikkje ut frå ei heilskapleg, strategisk tilnærming innanfor næringar Radøy kan ha såkalla «komparative fortrinn», mellom anna gjennom eksisterande verksemder og naturgitte og geografiske føresetnader, og næringar som er prioriterte satsingsområde i Hordaland fylkeskommune og BRB.

I følgje Planstrategi for Radøy kommune 2012-2016 skal Radøy kommune i 2013 starte arbeidet med næringsplan med status kommunedelplan — tema. Det har lenge vore brei politisk semje om at næring er eit område som no skal prioriterast. Samstundes er det ikkje ressursar i administrasjonen til å utarbeide ein næringsplan. Derfor kan ein vanskeleg sjå at dette kan løysast på nokon annan måte enn å nytte eksterne konsulentar til dette arbeidet, noko som også vil styrkje kvaliteten på planen. Mange kommunar som har tilsett næringssjef/næringskonsulent vel også å nytte eksterne konsulentar til utarbeiding av slike planar nettopp for å styrkje kvaliteten. Dersom Radøy kommune skulle verte ein del av eit næringssamarbeid med Lindås og Austrheim, er det lite truleg at dei to stillingane der vil kunne ha ressursar til å drive prosessen og utarbeide saksdokument. Då desse kommunane utarbeidde ein felles strategisk næringsplan nytta dei til dømes eksterne konsulentar.

Gjennom det offentlege verkemiddelapparatet knytt til Regionalt utviklingsprogram (RUP) forvalta av Hordaland fylkeskommune kan det også vere mogelegheit for stønad til eit slikt prosjekt. Næringsavdelinga til Hordaland fylkeskommune støttar ikkje planarbeid, men kan støtte analysearbeid. I følgje eit av dei større konsulentselskapa som arbeidar med slike planar er ein strategisk næringsplan omlag det same som ein strategisk næringsutviklingsanalyse, der også ein næringsutviklingsanalyse har ein handlingsdel tilsvarande ein plan. Til dømes fekk Tysnes kommune i 2011 175.000,- i stønad til strategisk næringsanalyse og Vaksdal kommune fekk 100.000,- til strategisk utviklingsanalyse i 2010. Det kan derfor vere fornuftig å skifte namn til strategisk næringsutviklingsanalyse for å kunne få fylkeskommunal stønad. Konsulenttenester knytt til prosess og utarbeiding av eit slikt dokument er stipulert til 150.000-300.000,-.

Eit prosjekt med utarbeiding av ein strategisk næringsutviklingsanalyse for Radøy kommune bør baserast på ekstern prosjektleiing av konsulentselskap med formannskapet som styringsgruppe. Det bør også opprettast ei eller fleire referansegrupper der næringsaktørar deltek. I utlysing av prosjektet bør dei som vert inviterte til å levere tilbod verte utfordra på korleis dei ser føre seg organisering og prosess.

Ein ny regional næringsplan er under utarbeiding av Hordaland fylkeskommune. Det er nærliggjande å sjå eit lokalt arbeid i samanheng med det regionale planarbeidet og andre regionale føringar. I Regionalt utviklingsprogram for 2013 (førebels versjon) vert det peika på følgjande prioriterte næringar:

Energi
Marine næringar
Maritime næringar
Reiseliv
Kulturnæringar
Landbruk

Strategisk næringsplan for Bergensregionen meisla ut om lag dei same prioriteringane ved å ha med dei fem førstnemnde, men ikkje landbruk. For Radøy som ligg i ytterkanten av Bergensregionen og som ein stor landbrukskommune kan det derimot vere fornuftig å ha med landbruk, slik Hordaland fylkeskommune gjer. Det er prosessen som endeleg vil vise kva Radøy kommune bør prioritere.

I tillegg til å fokusere på prioriterte næringar bør ein i ein strategisk næringsutviklingsprosess mellom anna ha fokus på å fremje gründerskap og peike på næringsareal ut frå strategiske vurderingar. Det sist nemnde må også sjåast i samanheng med nye samferdsleprosjekt som ny veg over Radøy og tverrsambandet vest.

Framlegg til vedtak:
1. Radøy kommune lyser ut eit anbod på utarbeiding av strategisk næringsutviklingsanalyse. Det vert søkt om 50 prosent delfinansiering frå Hordaland fylkeskommune (RUP-midlar). Den kommunale eigenandelen vert finansiert frå næringsfondet.
2. Formannsskapet vert styringsgruppe for arbeidet, og ei eller fleire referansegrupper med næringsaktørar skal opprettast. Organiseringa av prosessen i nærare detaljar må avklarast i samarbeid med dei som får tilslaget på prosjektet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**