Ikkje riv Haugehuset!

Time Venstre vil bruka årets Jærdag til å setja fokus på Haugehuset, som me ønskjer å bevara. Me vil stå på stand og samla underskrifter under overskrifta «Ikkje riv Haugehuset!». Det er ein samanheng mellom framtidig byutvikling og det å ta vare på historia, ein moderne by er ein by som også har kontakt med røtene sine.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Haugehuset

Foto: Geir Sveen

Time Venstre meiner innbyggjarane i Time må få uttala seg i saka, då tida frå forslag om riving til vedtaket var gjort var så kort at mange følte dei ikkje fekk tid til å få fremja synspunkta sine. Initiativet vårt tek me etter å ha registert eit stort folkeleg engasjement og høyrt frå mange skuffa innbyggjarar i Time. Me håper mange vil koma innom det grøne Venstreteltet midt i Storgata og skriva under oppfordringa vår om å la huset få stå.

På Framsida av kulturminneplanen til Time kommune står det: ” Med fortid og nåtid – inn i framtida”. Haugehuset er eit kulturminne som har ein verdi som ikkje kan uttrykkast i tal. Det dreier seg om kunnskapsverdi, opplevelsesverdi og bruksverdi. Og er det noko me ikkje har råd til er det at kulturminne og kulturhistorie går tapt for alltid. Dette er ein del av Bryne og Time kommune si fortid og industrihistorie.

Haugehuset står på kommunens si prioriterte liste over bygningar som bør bevarast. Time Venstre er svært bekymra over kva signal kommunen sender dersom huset vert rive. Samtidig som ein pålegg private økonomiske utlegg og vern av bygningar, er ikkje kommunen sjølv villig til å ta rekninga på eigne bygg. Då riv ein heller! Dette er ikkje bra, og ikkje noko Venstre kan stå for.

Time Venstre trur ikkje det er for seint å redda Haugehuset. Sidan fylket skal uttala seg i saka er det stor sjanse for at saka må leggjast fram for politikarane ei gong til før riving, og då kan engasjement frå Timebuen vera med og snu stemninga. Når folk viser at dei bryr seg om å bevara Brynes identitet og historie må politikarane lytta, dei er velde for å fremja innbyggjarane sine interesser.

Som Ingebjørg K. Undheim sa til resten av kommunestyret då saka var oppe: «Eg trur derfor at me er tent med ein liten tenkepause, sånn at me ikkje tek for raske beslutningar som manglar langsiktigheit og verdiforankring, og som i ettertid vert dømt nord og ned. Er det dette dokke vil bli huska for?»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**