Vi kjenner klimaendringane på kroppen

Klimaendringane er ikkje berre akademiske teoriar eller noko berre folk i andre delar av verda blir råka av. Vi får stadig meir ekstremvær også i Noreg, no sist i Gudbrandsdalen. – Paradoksalt nok ligg Austlandet under vatn same helg som FrP har landsmøte, sa Sveinung Rotevatn i sin tale til Sogn og Fjordane Venstre i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Foto: Silje England

 Stortingskandidat Sveinung Rotevatn på LPN/Kickoffsamling på Skei.

Stortingskandidat Sveinung Rotevatn på LPN/Kickoffsamling på Skei.

– Tre av partileiarane nemnde ikkje klima og miljø med eit einaste ord i sine landsmøtetalar. Det var Liv Signe Navarsete, Jens Stoltenberg og Siv Jensen. Dei bør få reduserte stortingsgrupper etter valet.

Etter valet ynskjer Rotevatn å vere ein del av ei større stortingsgruppe, og han vil ha statsrådar med ein sosialliberal ryggmargsrefleks.

– Alt for ofte står Venstre sine to representantar aleine i Stortinget mot meir overvaking, for ein human asylpolitikk, og for eit klimavenleg samfunn. Skilnaden på to og ti representantar er enorm, og vi treng ei større stortingsgruppe for å få gjennomslag for vår politikk.

Stortingskandidat Sveinung Rotevatn er motivert for valkampen og ynskjer ikkje å oppleve valnatta i 2009 på nytt. – Nøkkelen til å gjere eit godt val ligg i å vere synlege, og spre det gode valprogrammet vi har til nok veljarar, sa Rotevatn til eit fylkeslag som er klare til å gjere nettopp det.

 Valkampansvarlege i kommunane samla på Skei

Valkampansvarlege i kommunane samla på Skei

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**