I valkampmodus etter helg på Jølster

Nær 30 valkampansvarlege og tillitsvalde i fylket var samla på kick-off-samling for å komme i valkampmodus. Dei hadde sett av tid til Venstre-arbeid ei varm og solfylt helg i mai, og drog heim att godt fornøgde og klar til valkamp for å få Sveinung Rotevatjavascript:void();n på tinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Toppkandidatane

Toppkandidatane

Stortingskandidatane Sveinung Rotevatn, Gunhild Berge Stang og Marianne Øren starta valkampsamlinga, lokalpolitisk nettverk med å halde motivasjonstale for forsamlinga, med saker som er viktige for dei som kandidatar.

Lokalpolitisk nettverk er ein heilt sentral møteplass i forkant av valkampen. Føremålet med samlinga og skuleringsopplegget vart nådd, deltakarane skulle komme i valkampmodus og sikre at alle skal vere trygge på vår politikk. Deltakarane skal heim i lokallaga sine og inspirere og smitte engasjementet over på medlemmane sine og lage ein valkampplan og sikre ein bevisst strategi bak det daglege arbeidet framover til gjennomføringa av sjølve valkampen.

Stortingskandidat Sveinung Rotevatn har kandidatside på https://www.venstre.no/politiker/sveinungrotevatn Klikk deg inn og les meir om Sveinung.

LPN Sogn og Fjordane mai 2013
LPN Sogn og Fjordane mai 2013 Naomi Røkkum
LPN parallellsesjon
LPN parallellsesjon
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**