Selje Venstre er klar til kamp

I helga starta Sogn og Fjordane Venstre sin valkamp med eit mål for auge: å få Sveinung på tinget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I løpet av helga har det blitt diskutert mykje god politikk. Sogn og Fjordane Venstre har eit solid valprogram i ryggen som vi håpar å nå ut til folk med. Stortingskandidaten for Venstre, Sveinung Rotevatn fortalde kvifor han vil på tinget. Miljø og skule var saker han trakk fram.
Selje Venstre sin representant, Kariann Myklebust Fagerli, var tilstades og er svært nøgd med sakene som vart fronta:” Venstre går til val på ein miljøvenleg, solid skule og eit bærekraftig næringsliv der og småbedriftene og gründerne vert ivareteke. Dette er saker som er viktige for Norge, og ikkje minst distrikta”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**