Når Staten betalar valkampen

Kulturaktørar over heile landet er i vår inivtert til eit sokalla innspelseminar — om regjeringa sitt neste kulturløft. — Sidan 2005 har regjeringa satsa sterkt på kultur og frivillig sektor, skriv ein skrytande kulturminister. Løyvingane har auka med 5 milliardar kroner, held ho fram.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Ikkje verst. For Kulturløftet har vore ein suksess, skal vi tru kulturminister Tajik. Engerutvalet og "Kulturutredningen 2014" seier noko anna. Regjeringa har satsa på dei store institusjonane og "begivenhetskulturen". Grunnfjella har dei svikta.

Frå svikt til suksess. Regjeringa er overtydeleg på sin eigen kultursuksess, men gløymer at storleiken på kulturløyvingane er helsa velkomen også hjå opposisjonspartia. Med unnatak av Fremskrittspartiet. Venstre har ynskt seg meir — av kulturelle grunnmurar og mangt anna.

Eit godt råd
No bed regjeringa og Kulturdepartementet om råd. Kor skal kulturløft-pila peike dei neste fem åra? På Staten si rekning reiser Tajik Noreg rundt for å skryte av regjeringa sitt kulturløft gjennom fem år. Dinest bed ho om innspel frå folkedjupet. Vi skal gje deg eit råd: Hald deg heime. Avlys reisen.

Forebygging av frafall i idrett blant ungdom - dans

Foto: AA

Vi ynskjer oss korkje Tajik eller nye kulturløfte. Vi ynskjer oss ein ny kulturpolitisk vår, som set einskildmenneska føre systema. Som ser verdien av ei styrkt kulturskule framføre kostnadskrevjande happenings og banalisering av kulturen. Vi ynskjer oss kulturell kvalitet — ikkje kulturtiltak med hovudføremål å femne det meste og inkludere dei fleste. Og, vi ynskjer oss frie institusjonar som med tillitt frå Staten får konsentrere seg om kjerneoppgåvene sine.

Om å ta seg til rette
Med innspelseminar fortel Arbeiderpartiet verda at dei i røynda har starta valkampen. Og med Tajik i front køyrer dei i gang sitt tunge og gamaldagse valkampmaskineri. Ein skulle tru at Tajik med millionoverføringane frå LO kunne ta seg råd til ein valkamp for eiga rekning. I staden sender ho rekninga til meg og deg. Det får briste og bære — for dei av oss som korkje stemmer AP eller har departementet si reisekasse i ryggen.

Ole og Knut Aastad Bråten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**