Quo vadis, Gloppen?

Vi har lagt bak oss ein skulebruksplan der Firda vgs. på mange måtar blei den tapande part. I kjølvatnet av denne initierte Venstre sin gruppeleiar ein debatt om Gloppen si framtid, då kommunestyret møttest måndag. Det var heilt naudsynt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


For debatten viste at sjølv om dei fleste er samde om at prosessen fekk eit uheldig utfall, var det usemje om korleis prosessen har vore, kven som har svikta, og kva som bør vere vegen vidare. Der Ragnar Eimhjellen snakka om tettare Nordfjord-samarbeid, ville Senterpartiet heller sjå mot Jølster.

Ragnar Eimhjellen

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Eimhjellen peika på at kvalitet og søkjartal ikkje lenger ser ut til å vere gyldige politiske argument, og at Senterparti-bastionen Gloppen ikkje lenger er nokon politisk garanti mot politiske åtak på kommunen vår.

– Kva har vi som kommune og lokalsamfunn lært av denne prosessen, og kva gjer vi no? spurte Eimhjellen, og viste til Svein Ottar Sandal som i Firda Tidend har teke til orde for at Gloppen må kome meir på offensiven.

– Det er utmattande og frustrerande å heile tida måtte bruke politiske og kreative krefter på å vere på defensiven – i forsvarsposisjon.

Eimhjellen lyfta også spørsmål om ikkje Gloppen bør vurdere å bli ein del av Nordfjord Vekst, men fekk då motbør av Senterpartiet. Både ordførar Anders Ryssdal og gruppeleiar for Senterpartiet, Per Jarle Myklebust peika på at ein like gjerne bør sjå sørover.

-Kvar går du Gloppen? Verken eg eller Venstre har svaret. Det kjem snart ein debatt om kommunestruktur. Til dess må vi saman ha funne svaret på sørsmålet: Kva vil vi, kvar går vi?

Skjermdump FIRDA

Foto: Peder

FIRDA(Skjermdump) kommenterte vegvalet i dagens avis. Peder Lofnes Hauge meiner det er naturleg å sjå mot Nordfjord. – Når ein argumenterer for bru ved Anda-Lote, snakkar ein om ein naturleg, felles bu- og arbeidsmarknad. Vi må gjerne sjå sørover, men dei argumenta ein nyttar i bru-saka er minst like gyldige også i spørsmål om næringssamarbeid og kommunestruktur, seier Lofnes Hauge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**