Forvalting og kontroll i Austrheim kommune

Det gjeld framleis saka om dårleg dokumenterte utbetalingar av fleire millionar kroner frå Austrheim kommune til Breidvik Eiendom. Feilen blei avdekka av kommunerevisjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det politisk oppnemnde kontrollutvalet i Austrheim kommune har som si oppgåve å ta opp saker som gjeld dårleg kommunal forvalting. I samarbeid med kommunerevisjonen, har kontrollutvalet handsama denne saka i fleire møte, der både ordførar, administrasjonen og sjølvsagt kommunerevisjonen har vore deltakarar. Referat frå desse møta kan alle lese på Austrheim kommune sine nettsider.

Etter at Odd Arne Blindheim trua leiaren i kontrollutvalet med søksmål, erstatning og oppreisning, (Bergens Tidende, 14.5.2013), fann Austrheim Venstre grunn til å trekke opp nokre sentrale prinsipp i eit kort innlegg i lokalavisene Strilen 16.5. 2013 og Avisa Nordhordland, 18.5.2013. Tittelen var «Når lokaldemokratiet blir trua».
Kort fortalt var dette ei påpeiking av at det er både uklokt og urimeleg å angripe eit kommunalt utpeika kontrollorgan fordi dei prøver å gjere jobben det er pålagt. Dette utløyste eit forsøk på å angripe Austrheim Venstre, og i tillegg ein omfattande gjennomgang av Blindheims arbeid for å utvikle Vestlandet.

Angrep og trugsmål

Vi har gjennom medieoppslag dei siste åra sett at varslarar i offentlege og private verksemder har meldt frå om lovbrot og ukultur. Slike modige personar blir ofte møtt med to strategiar: Enten valdsame angrep, eller forsøk på å teie sakene i hel. I vårt tilfelle er det angrep som blir brukt, men det originale er at det er revisjon og kontrollorgan som blir skyteskiver. Organ som skal sikre oss alle at styring og forvalting går rett føre seg.

Vi må i denne samanhengen nemne at ein føregangsmann i arbeidet for ryddige og ansvarlege forhold i offentleg forvalting er riksrevisor Jørgen Kosmo, tidlegare stortingspresident frå Arbeidarpartiet. Han og hans stab, har på ein direkte måte påpeika feil i statsforvaltinga, og med det fått byråkratar og politikarar til å skjerpe seg. Som ein del av dette kontrollarbeidet måtte ein statsråd gå av.

Kontrollutvalet i Stortinget fylgde opp kommentarane frå Riksrevisjonen. I dette kontrollutvalet er alle parti representerte, og mye av deira avgjerder var samrøystes. Kunne ein tenke seg at dette kontrollutvalet blei angripa frå ein leverandør av tenester til statlege organ?

Folk må få vite

Det er betryggande at vi har frie media i Norge. Det er ein sentral del av tryggleiken vår. Ofte er det aviser og etermedia som avslører kritikkverdige forhold i samfunnet. Både ved å belyse saker, og kommentere og reflektere over prinsipielle sider ved sakene, får vi innsyn i prosessar som ofte blir forsøkt skjulte. Mange viktige samfunnsendringar er komne etter medias søkelys. Også i denne saka har avisene vore sentrale i å fortelje kva som har føregått, men vi ynskjer oss meir belysning av ein del prinsipielle forhold som t.d.: Korleis fungerer kontrollen av kommunal forvalting gjennom revisjon og kontrollutval? Kva er måla og verdiane i dette arbeidet? Korleis praktisere habilitet i små kommunar der dei fleste kjenner kvarandre, og har med kvarandre å gjere? Kva med faglege små og sårbare miljø i mindre kommunar? Kor viktig er kompetanse i diskusjonen om større kommunar?

Venstre som parti har alltid vore oppteken av at folk skal få vite kva som skjer, både generelt og spesielt i offentleg forvalting. Openheit er ein stor verdi. I denne saka kunne vi nok tenkt oss meir opne kanalar frå det politiske systemet og ut til folket. Gjennomsiktige prosessar er den sikraste kontrollen vi som samfunnsborgarar kan ha. Då kan folk flest vite og vurdere sjølve kva som føregår. Vi har trua på eit levande folkestyre. Trugsmål mot revisjon og folkevalde kontrollorgan, likar vi slett ikkje.

Eit visdomsord til slutt

Havsport er fint, og dei aller fleste av oss synst at det som er etablert gjennom Havsportveka er spennande og framtidsretta. Ein kommentar til næringsutviklinga må vi likevel ta med for balansen si skuld. Det er mange i Nordhordland, også i Austrheim, som dei siste ti-åra har etablert store og små bedrifter i kjølvatnet av utviklinga på Mongstad. Til saman dreier det seg om fleire hundre arbeidsplassar. Austrheim Venstre er glad for kvar og ein av dei, og vi ynskjer alle, både kreative og vanlege sjeler, velkomne til Austrheim. Kommunen skal legge positivt til rette, men vi må sjølvsagt ha orden i sakene.

Mange gamle visdomsord er blitt avleggs, men dette har framleis sin verdi. «Om vi trur vi er blitt u-unnverlege, kan vi stikke ein finger i vatnet, dra han forsiktig opp, og studere nøye det holet han etterlet seg».

Austrheim Venstre ved styret

Arne Kästel, leiar, Liv Ulvøy, Kjell Matre, Terje Dyrnes, Kirsten Bore Strømstad

Har stått på trykk i BT 8.6.2013, Strilen 6.6. 2013, Nordhordland 8.6.2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**