Til innhold
Bilde med Guri Melby med teksten "Stem Venstre."

Folk først i Austrheim.

Austrheim Venstre

Velkommen til Austrheim Venstre sine heimesider

Austrheim er ein flott kystkommune i Nordhordland. Her har vi ein flott natur og gode oppveksthøve for barn og unge. Vi i Austrheim Venstre arbeider for å utvikle kommunen i positiv retning, og spesielt med hensyn til næringsliv, oppvekst og miljø.

Ta kontakt dersom du ønsker meir informasjon.

Ein ungdomsskule i valperioden.

  • Ein ungdomsskule i valperioden.

    Austrheim Venstre vil samle ungdomstrinnet på ein skule i valperioden. Ungdomsskulen må samlast i området rundt Austrheimhallen/Årås skule for å betre både det faglege og sosiale miljøet for ungdommane i kommunen. Skulen må leggje til rette for eit samarbeid med Austrheim vidaregåande skule for å auke gjennomføringa og overgangen til vidaregåande skule for alle elevar.

  • Ta vare på Øksnesmarka

    Øksnesmarka er ei naturperle i Austrheim og ligg i innseilinga til Åråsvågen i eit vilt og naturskjønt område. I revisjon av arealplanen til kommunen vil Austrheim Venstre ta bort området som næringsareal og få området over til landbruk, natur og fritidsområde. Vi må tenkje på dei framtidige generasjonene og ikkje risikere at området vert øydelagt ved store naturinngrep.

  • Austrheim og kommunereforma

    Debatten omkring ei eventuell ny kommunestruktur har starta. Austrheim Venstre meiner at det er viktig at kommunen deltar i dei fora kor diskusjonen om framtida til heile Norhordlandsregionen går føre seg. Først når vi deltek i dei diskusjonane får vi fram positive og negative sider ved ei eventuelt samanslåing. Her må lokaldemokratiet få seie sin meining basert på fakta. Og vi må delta når toget går slik at vi ikkje blir ståande att på stasjonen når toget har gått.

Nyhetssaker

Flere nyheter