Innlegg: Reine fjordar

“Lat ikkje pappøskjer og skrot liggja og flyte i korridorar og på dekk. Kast det straks over bord”, kunne folk ein gong lese på skilta om bord i Fylkesbaatane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Utsegna fortel om ei anna tid, då ein såg annleis på korleis ein handskast med bosset, og korleis ein nytta naturen i den samanheng. Vi er komne lenger sidan då; vi kjeldesorterer avfallet, og held naturen rein. Dette har vi lært oss i ein slik grad at det rykkjer litt i ryggmergen, når vi ser folk som hiv boss rundt seg.

Eller gjer det? Nyleg fekk verksemda Norsk Gjenvinning har fått løyve til å sleppe ut lågradioaktivt vatn i Fensfjorden. Dei vil lagre opp til femti tonn lågradioaktiv masse frå produksjonen i Nordsjøen. Spylevatnet vil dei sende på sjøen.
Kommunestyret i Gulen gav tidlegare i vår Statens strålevern ein høyringsutale, der dei samrøystes sa nei til utsleppsløyve. Det same gjorde dei andre kommunane rundt Fensfjorden. Dette er altså ikkje eit tilfelle av utviklingskåte lokalpolitikarar som seier ja og amen til alle som kjem med pengar og lovnadar om arbeidsplassar. Tvert imot.

"So safe you can eat it"
Argumentasjonen til Norsk Gjenvinning er enkel. Konsentrasjonen av radioaktiv masse er så tynn, det er jo mest vatn, at når den endeleg kjem ut i fjorden er det knapt noko att — "Trolig ned mot bakgrunnsnivå" — som det heiter søknaden. Men er det verkeleg ingenting? Det er ei kjent sak at om ein vil sleppe ut noko, gjer ein lurt i å blande det ut med vatn. Då vert konsentrasjonen så låg at utsleppet vert heilt ufarleg. I dette tilfellet ligg utvatninga alt i sakas natur, sidan spylevatn jo består mest av vatn.

Rett etter krigen kunne ein sjå reklamefilmar der folk åt insektmiddelet DDT for å vise kor ufarleg det var. Tretti år etter var stoffet jamt over forbode, då ein var blitt merksam på skadeverknadane stoffet hadde over tid. Spørsmålet vi treng svar på er kva verknader lågradioaktivt spylevatn vil ha på økosystemet i Fensfjorden etter tretti år? Problemet er at vi truleg først veit det etter tretti år.

Er sjøen ei bossfylling?
I mellomtida kan vi i staden sjå på dette som eit verdispørsmål. Verdas største bossfylling, The Great Pacific Garbage Patch, er eit flytande øy av plastikk i det nordlege Stillehavet. Enkelte meinar øya er på storleik med USA. Havstraumar og menneskelege utslepp har skapt den enorme fyllinga. Kvar vesle brusflaske er ikkje farleg. Også her er det opphopinga frå mange kjelder over tid som er problemet. Slik vil ingen ha det i norske farvatn.

I Noreg er fiskeria den viktigaste framtidsnæringa, slik den alt har vore det i hundrevis av år. Vi burde difor meir enn nokon vite å fare fint med den marine naturen vår. Men det krev ei haldningsendring hos styresmaktene. Slik kvar og ein veit at ein ikkje hiv bosset sitt langs stien, slik må vi også som nasjon slutte å hive på sjøen alt det vi ikkje vil ha slengande rundt. Anten det er snakk om tungmetall i Sørfjorden, gruveavfall i Førdefjorden eller små dosar av lågradioaktivt spylevatn i Fensfjorden.

Bjarte Undertun
Leiar i Gulen Venstre
Styremedl. Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**