Venstre med sjarmoffensiv mot studentane

Kvardagen for norske studentar ikkje har blitt betre etter åtte år med raudgrøn regjering, hevdar partiet Venstre. No lanserer dei 20 tiltak dei meiner skal betre studenttilværet. — Vi har bygd 1 000 studentbustadar årleg, svarar Sosialistisk Venstreparti.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Mathias Fischer

Foto: Marie Røssland

Denne veka lanserte Venstre 20 konkrete tiltak dei meiner skal betre kvardagen til studentane. 11 månadar studiestøtte, 12 månadar studiestøtte til studentar med barn, 2 000 nye studentbustadar og fastlege både heime og på studiestaden er nokre av tiltaka som ligg inne i sjarmoffensivet frå partiet.

Mathias Fischer er 3.-kandidat til Stortinget for Venstre. Han seier den raudgrøne regjeringa ikkje har gjort nok for studentane.

— Det er heilt tydeleg at det er på økonomi kor regjeringa har svikta. Alle tre partia lova 11 månadar studiestøtte, men det løftet har dei ikkje innfridd, seier Fischer.

SV-leiar Audun Lysbakken seier det er fleire gode punkt i lista på 20 tiltak hjå Venstre.

— Men spørsmålet her er kven det er som er truverdig til å gjennomføra dette. Det aller viktigaste studentspørsmålet er å byggje fleire studentbustadar, kommenterer han.

Han peikar på at regjeringa har bygd 1 000 studentbustadar i året.

— Førre gong Venstre styrte, så var studentane taparane. Dei fekk ikkje prisregulert studiestøtta, og det vart bygd frykteleg få bustadar, argumenterer Lysbakken.

Har hatt det dobbelte å rutte med
Fischer i Venstre er samd i at regjeringa har gjort ein del bra når det gjeld bustadar.

— Men vi er enno ikkje i mål og vi må halde fram opptrappinga med å byggje studentbustadar.

— Når denne kritikken kjem frå dei raudgrøne så er det verdt å huske at dei har hatt eit dobbelt så stort handlingsrom økonomisk som det vi hadde i førre regjering, svarar Fischer.

Seier Venstre skal halde løfta
Han meiner Venstre likevel innfridde løfta sine og gjorde dei skulle.

— Og det skal vi gjere no også, når vi kjem i ei regjering etter dette stortingsvalet, lovar Fischer.

— Eg har ingen trur på at det blir noko betre. Venstre vil gå i regjering med Høgre og Framstegspartiet som vil gje enorme skattelette. Då kjem det ikkje til å vera pengar til satsa på studentane, svarar Lysbakken.

VENSTRE FÅR TOPPSCORE FOR VÅR SKULE- OG KUNNSKAPSPOLITIKK. I STORTINGSPROGRAMMET VÅRT KAN DU SJÅ HEILE SKULEPOLITIKKEN VÅR, OG GJERE DEG OPP DI EIGA MEINING.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**