Korleis ser framtidas lokalsjukehus ut, KrF?

Underlege er Guds vegar, og det er sanneleg også KrF sine. For sjølv om KrF er einige med Venstre i at Europavegar skal vere ferjefri, slit eg med å forstå kva veg KrF ynskjer at framtidas lokalsjukehus på Nordfjordeid skal ta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Peder Lofnes Hauge, landsmøte

Foto: Jo Straube

I tida fram mot valet gjennomfører NRK Sogn og Fjordane utspørjing av førstekandidatane til dei ulike partia som stiller liste til Stortinget. Onsdag førre veke var det KrF og Trude Brosvik sin tur. Svaret hennar om rolla som styremedlem i Helse Førde og situasjonen for Nordfjord sjukehus er verdt å merke seg: Ho hevda at svekkinga av Nordfjord sjukehus var nødvendig for å få på plass rusposten på Nordfjordeid, som om det skulle vere noko motsetnad mellom desse. Eg deler Brosvik sitt engasjement for dei rusavhengige, og eg er fullstendig klar over at ein må retteseg seg etter økonomiske rammer, men det er svært alvorleg at trygge, robuste lokalsjukehus blir sett direkte opp mot styrking av rusomsorgen i distrikta.

Brosvik er både medlem av fylkesutvalet og styremedlem i Helse Førde. Brosvik sin vararepresentant i fylkesutvalet var 21. august med på å sende brev til mellom anna Brosvik, då fylkesutvalet skulle gje uttale til Helse Førde om framtidas lokalsjukehus. 26. august kunne ein i Firda Tidend lese mitt syn på Senterpartiet og Anders Ryssdal sin innsats og manglande oppfølging av det tverrpolitiske kravet frå Nordfjordrådet om dagkirurgi på Nordfjord sjukehus. Eg skulle ynskje fylkespolitikarane var tydelegare i sin uttale til Helse Førde.

Veljarane i Nordfjord som er opptekne av eit sterkt lokalsjukehus bør merke seg kven som tydeleg kravde dagkirurgi på Nordfjordeid. Korkje Senterpartiet — eller KrF — var med på Høgre, FrP og Venstre sitt framlegg til uttale til Helse Førde, men stemde heller for ein uttale som kun ber Helse Førde vurdere eventuell dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus, og som understrekar at prioriteringane til helseføretaka ikkje må kome i konflikt med ynskt utvikling for sentralsjukehuset i Førde.

Venstre meiner dette er alvorleg. Vi er i stortingsvalprogrammet vårt tydelege på kva funksjonar eit lokalsjukehus bør ha, og meiner det viktigaste for Nordfjord sjukehus no er å få på plass dagkirurgi. I eit fylke der det politiske tyngdepunket ligg i Sogn og Sunnfjord, sakkar diverre Nordfjord akterut på stadig fleire områder. Årets val blir viktig for oss som bur i Nordfjord.

Trude Brosvik og KrF røysta til liks med Venstre for mellom anna Medium og kommunikasjon ved Firda vgs. då Fylkestinget behandla skulebruksplanen i vår. Til liks med Venstre ynskjer KrF at E39 skal gå i midtre trasé i Nordfjord med bru Lote-Anda. Dette skal Brosvik ha ros for. Diverre følgde ikkje partiet hennar opp omsutet for regionen vår i kampen om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus.

Trude, eller ei: For oss som er opptekne av vekst og utvikling i Nordfjord kokar dette valet på mange måtar ned til eit personval. Vi er heilt avhengige av sterke og tydelege representantar på Stortinget som står på for Sogn og Fjordane — og for Nordfjord. I år er det to parti som har ein førstekandidat frå Nordfjord. Bjørn Lødemel toppar lista for Høgre, og Sveinung Rotevatn er førstekandidat for Venstre.

Førstnemnde har brent alle bruer til både lokallag og innbyggjarar i Gloppen og Eid. Sistnemde vil bygge bru Lote-Anda og knyte desse to kommunane tettare saman.

Peder Lofnes Hauge
Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**