Håpet er blågrønt

— Det er stor skilnad på ei mørkeblå regjering og ei blågrøn regjering, seier Terje Breivik (V) frå Ulvik. Han meiner dei som bryr seg om distrikta, bør røyste Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

– Det er mi oppmoding til veljarane i Hardanger. Alt tyder på at det vert regjeringsskifte, men landbrukspolitikken til Venstre viser at det vil vera skilnad mellom ei mørkeblå og ei blågrøn regjering, seier 48-åringen.

Ifølgje Breivik er Hordaland tradisjonelt eit sterkt venstrefylke, og alle meiningsmålingar tyder på at hardingen vil få plass på Stortinget. Han forsikrar at han vil hugsa kvar han kjem frå.

– Det er eit stort poeng for hardingane å ha ein representant på Stortinget som kjenner regionen godt. Då vert terskelen lågare for å ta kontakt, seier Breivik.

Er glade i landbruk
For ei veke sidan kritiserte Hordaland Sp i HF høgresida for å villa kutta i overføringane til landbruket og tollvernet.

– Her konstaterer Sp valresultatet. Eg meiner Sp bør stikka hovuda sine saman med oss andre parti som ser kor viktig landbruket er, og ser at landbruket i Hardanger vil stiga i verdi i åra som kjem, seier Breivik.

Han meiner den internasjonale matsituasjonen vil sjå annleis ut om berre nokre generasjonar som følgje av klimakrisa og folketalsauken i verda, og at norsk landbruk difor vil verta viktigare.

– Me som er glade i distrikta, bør samarbeida og tenkja på korleis ein skal få mest mogeleg ut av rammene me har for å gjera det meir attraktivt å vera bonde og velja bondeyrket, seier Breivik.

Han understrekar at Sp unnlét å nemna at det slett ikkje er roseraudt i landbruket i dag, etter åtte år med ei raudgrøn regjering.

– Det er i snitt lagt ned to-tre bruk dagleg på dei åtte åra Sp har vore i regjering. Vel så urovekkjande er det at talet på bønder under 40 år i Hordaland er veldig lågt, seier Breivik.

Lofthus, Ullensvang, fjord, Hardanger, Sørfjorden

Foto: Steinar Haugsvær

Vil redusera byråkratiet
Ifølgje Breivik har Venstre ein næringspolitikk som passar som hand i hanske for Hardanger.

– Me freistar generelt gjera livet enklare for eksisterande verksemder.

Målet er at byråkratiet skal reduserast med 25 prosent i den fyrste stortingsperioden, seier Breivik.

Norsk næringsliv er overbyråkratisert, meiner ulvikjen.

Venstre vil stilla inntil hundre millionar kroner i risikokapital til rådvelde i Hardanger for folk som ynskjer å starta eigne verksemder.

Breivik meiner til dømes at Kvam kunne hatt eitt fond som vurderer ideane til gründerar, og eventuelt investerer i verksemda.

– Problemet til nye verksemder er ofte at dei ikkje kjem seg gjennom dei fyrste risikofylte fasane, seier Breivik.

Venstre vil også gje skattelette til private som investerer i ein gründer.

– Problemet i Noreg i dag er at det er for lite lukrativt å investera i gründerar og næringsliv, i forhold til å investera i eigedom, seier Breivik.

Trine Skei Grande om skole og integrering på TV2

Foto: TV2

Meir sjølvstyr i skulen
Også skulesystemet lid under for mykje byråkrati, meiner Venstre. Det er enkelt å gjera skulen betre ved å lata den einskilde rektor og den einskilde lærar bruka meir tid saman med den einskilde elev, seier Breivik.

– Læraren er i dag totalt overbyråkratisert.

Jobb nummer ein er å gje lærarane og rektorane handlefridom til å bruka tida si på det viktigaste, nemleg møtet med elevane, seier Breivik.

Han trur det vil verka motiverande for lærarane.

– Me har utruleg mange gode, motiverte lærarar i skulen. Det er feil medisin å indirekte visa at me ikkje stolar på dei ved å driva detaljstyring frå Oslo. Me må gje dei handlefridom til å bruka tida si best mogeleg for læringssituasjonen, seier Breivik.

Venstre vil gjera lærarutdanninga femårig for å gjera yrket meir attraktivt.

Vil snu sentraliseringa
Kjem Venstre i regjering, vil partiet flytta statlege arbeidsplassar til distrikta. Eit døme på det er etableringa av Statens kartverk i Kinsarvik, seier Breivik.

Han meiner hovudutfordringa for dei som representerer distrikta, er å snu den "enorme sentraliseringsbølgja" av makt og menneske som har auka i den raudgrøne regjeringstida.

Med ei kommunereform vil Venstre ta makt og ressursar frå staten og gje dei til kommunane.

– Me trur det er viktig for å stogga sentraliseringa. Eg veit ikkje kor enkelt det er, men me vil snu opp ned på dagens situasjon der staten står for 60 prosent av det offentlege bruttonasjonalproduktet, og kommunane berre 40, seier Breivik.

Venstre vil snu situasjonen ved å overføra både oppgåver og pengar til kommunane, på kostnad av staten.

– Kommunesamanslåing er ikkje eit mål, men eit middel for å stogga sentraliseringsbølgja.

Fleire oppgåver og ressursar gjer kommunane meir attraktive for arbeidssøkjarar, seier Breivik.

Han meiner Kvam herad er eit typisk døme på ein kommune som med rette kan få langt fleire oppgåver og ressursar dersom staten tillèt det.

– Staten må avgjera kva oppgåver kommunane kan få i ei kommunereform. Kvam kunne til dømes fått totalansvaret for barnevern, i staden for at dei tilsette i barnevernet i Kvam skal bruka uforholdsmessig mykje tid på å ta omsyn til det statlege barnevernet, seier han.

Les heile saka på side 7 i Hordaland Folkeblad laurdag 31. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**