Venstre vil ha stykkprisfinansiering av barnehagane

Barnehagetilbodet er heilt avgjerande for samfunnet vårt både med omsyn til verdiskaping og likestilling. Det verkar inn der me er aller mest sårbare, nemleg ungane våre sine oppvekst- og utviklingsvilkår. Enkelt sagt så stoggar samfunnet opp om me ikkje har eit godt barnehagetilbod, seier Terje Breivik til NRK Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

– Private barnehagar har gjort ein kjempejobb med å sikra eit mangfald i tilbodet og tilnærma full barnehagedekning i landet. Endringa i barnehagefinansieringa i 2011 har gitt utilsikta verknader for dei private barnehagane som Venstre meiner er så alvorlege at denne må justerast om me skal unngå ei framtidig kollaps i systemet og/eller ein svikt i kvaliteten på tilbodet me ikkje vil akseptera.

Tilskota til dei private barnehagane må lausrivast frå om kommunalt drevne barnahagar er billege eller dyre i drift, meiner Venstre. Dei må få føreseielege rammevilkår i staden for at dei får greie på kva tilskot dei får halvanna år etter at driftsåret deira tok til, og i verste fall må betala tilbake tilskot fordi kommunen dreiv billegare enn føresett.

Viktigst med kvalitet i barnehagane
– Det kan heller ikkje vere slik at kvaliteten på tilbodet til ungane våre skal avhenga av om kommunen tek seg råd til naudsynte investeringar eller vedlikehald av bygningane sine. Begge delar er forsømte område i mange kommunar i dag, seier Breivik.

– Venstre vil derfor ha ei form for stykkprisfinansiering slik at dei private barnehagane får føreseielege rammevilkår og kan konsentrera seg om det me alle ønskjer, nemleg å gje god kvalitet på tilbodet til ungane våre. Så er det flott om kommunane vil auka satsinga på barnehagane utover dette med friske kommunale kroner.

Du kunne høyre dette intervjuet i NRK Hordaland torsdag 5. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**