— Dette har dei ikkje kunnskap om

På Valgtivoli i regi av NRK Hordaland i går, diskuterte ungdomsleiarane til Høgre og Arbeidarpartiet ruspolitikk. Venstres Erlend Horn er ikkje imponert over innsatsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Les heile saka hos NRK Hordaland her.

Horn1

Foto: Mathias Fischer

I salen sat også Erlend Horn, gruppeleiar for Venstre i Bergen bystyre. Når NRK.no møter han etter debatten, er det ein lite imponert opposisjonspolitikar.

— Det er veldig tydeleg at ingen av desse to har kjennskap til problemet her i Bergen. Sandøy skuldar på regjeringa, og Pedersen på byrådet i Bergen. Sanninga er at dette er eit felt som både kommune og stat har ansvar for, og begge har svikta. Det var tynn suppe. Det viser desverre ein kunnskapsmangel på dette feltet.

Venstre sin gruppeleiar i Bergen meiner ungdomspartileiarane frå AUF og Unge Høgre under debatten hadde ein sjanse til å vise om dei faktisk har konkrete løysingar på rusomsorga.

— Men det vart ein typisk «du har skulda for det, og du har skulda for det»-debatt. Dei burde heller diskutert kvifor sprøyterom, kvifor ikkje sprøyte rom. Kvifor ikkje herion-assistert behandling. Nygårdsparken som russcene vil bestå heilt til vi tek desse debattane. Då hjelper det Ikkje å snakke om kven som har skulda, seier Erlend Horn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**