Skodje Venstre vil ha ei blå-grøn regjering no!

Ei stemme på Venstre er ei stemme på Venstre sin politikk og ikkje noko anna. Venstre vil prioritere skule og utdanning, miljø, verdiskaping og kampen mot fattigdom dei neste fire åra. På alle desse områda vil ei stemme på Venstre føre til ein betre og meir framtidsretta politikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Ei ny regjering

Oppslaget nyleg der Venstre og KrF viste til 15 saker som vil vere annaleis med ei ny regjering med eller uten våre parti, har skapt ei viss merksemd.

Enkelte hevdar at vi no har skapt usikkerheit om vårt regjeringsstandpunkt og bidratt til «rot» på borgarleg side. Det er heilt feil. Vårt regjeringsstandpunkt ligg fast.

Venstre ønskjer ei ny blågrønn regjering med Venstre, Høgre og KrF. Det vil vere best for Norge. Venstre meiner at eit nytt fleirtall etter valet må gi ei ny regjering. Det vil Venstre bidra til. Styrkeforholdet mellom partia og graden av gjennomslag for politiken til Venstre om skule, miljø, nyskaping og kampen mot fattigdom vil vere avgjerande for Venstre si deltaking i ei slik regjering.

Det som er heilt klart er at det er forskjell på politikken til ei regjering med og uten Venstre, noko til og med statsministeren påpeika i NRKs partileiaerdebatt for vel ei veke sidan.

5 viktige saker der Venstre gjer ein forskjell:
Nei til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.
Grøn skattepolitikk.
Meir human behandling av asylbarna.
Nei til karakterar på barneskulen.
Fortsatt pappaperm.
Ingenting av dette er nytt, men det er viktig å vise at ei stemme på Venstre kan bety ein stor forskjell.

Dei som både ønskjer eit regjeringsskifte og ein heilt annan og betre miljøpolitikk får berre det ved å stemme Venstre.

GODT VAL!
Kari Grindvik
leiar i Skodje Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**