Økonomiplan 2014-2017

Det må ei kraftig endring til for at økonomien skal kome i balanse

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Økonomiplanarbeidet i Skodje syner at det må reduksjonar til for ikkje å tøme alle fond i komande 4-årsperiode. No skal det vere sagt at vi i Skodje er heldige som har fond å ta av. Men vi har dei siste åra vore flinke til å ta av desse for å dekke underskot i drifta, utan samtidig å gjere naudsynte endringar. No må adminstrasjon og politkarar stå saman om å snu denne utviklinga. Som stor innflyttingskommune treng vi stadig nye investeringar i infrastruktur og utfordringane ligg i å halde det relative stillingsbehovet tilbake og prioritere hardare på kva tenester vi skal tilby.
Prinsippa om kva resultatgrad vi skal ha og om vi må innføre eigedomsskatt vert den store diskusjonen. For Skodje Venstre vil det vere viktig å skjerme dei svakast brukarane våre. I mporgon skal dialogen gå i Skodje kommunestyre. Formannskapet skal gi si tilråding i møtet 26.11.2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**