Urimeleg knapt budsjett

Venstre på Voss har igjen levert eit gjennomarbeidd budsjettframlegg, med klare forbetringar av utkastet frå rådmannen, som det raudgrøne fleirtalet i Voss i hovudsak slutta seg til i formannskapet. Men dette vil etter Venstre si meining måtta gi urimeleg nivåreduksjon i tenestene, eller nytt år med store underskot.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Samstundes har fleirtalsbudsjettforslaget eit overskot på fleire millionar. Venstre føreslår at det meste av dette overskotet må nyttast til styrking av bemanning i barnehage og skule, og innan pleie og omsorg. Nedskjeringane siste par åra har nemleg gitt klart dårlegare tilhøve for barn og elevar, og pleie og omsorgstenestene har hatt store underskot siste åra. Venstre førslår vidare m.a. ein auke til kulturskulen, for å redusera litt på dei lange ventelistene, styrka helsesøster og helsestasjonsteneste, og meiner kommunestyret må slutta opp om ei driftsstøtte til Vestnorsk kulturakademi, for slik m.a. utløysa statsstøtte.

Venstre ønskjer også at kommunen må vera meir aktiv med tilrettelegging av tomter og næringsutvikling, og føreslår her ei løyving på ein million. V føreslår også pengar avsett til vidare planlegging av nytt symjeanlegg.

Framlegget no er heilt i tråd med V-framlegget i vår til økonomiplanen for 2014 — 17. KrF og H slutta seg då sekundært til det. Det blir også no arbeidd med å få til eit slikt felles sekundærframlegg til kommunestyremøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**