– Ofrar ikkje legedekninga på kyrkja sitt alter

– Venstre vil ikkje reforhandle avtalane med legane i kommunen for å auke tilskotet til Gloppen Kyrkjelege Fellesråd med 150 000 kroner. Prioriteringa er både underleg, og lite gjennomtenkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Peder Lofnes Hauge, landsmøte

Foto: Jo Straube

Det seier kommunestyrerepresentant for Venstre i Gloppen, Peder Lofnes Hauge. Han er kritisk til vedtaka frå Helse og omsorgsutvalet og formannskapet der legesenteret blir pålagd ei ytterlagare innsparing på 150 000 kr som følgje av reforhandling av kommunen sine avtalar med fastlegane.

Lofnes Hauge meiner dette er å sette legedekninga og legevaktordninga på spel. Konsekvensen kan bli oppseingar. Då er vi tilbake til ein situasjon med legevikarar og legevaktsamarbeid. Slik har vi hatt det før. Det var verken betre eller billegare.

– Alle ledd av organisasjonen må innstille seg på krav om innsparing, men absurditeten i dette forslaget blir komplett når desse 150 000 kronene skal gå uavkorta til å auke overføringa til Gloppen Kyrkjelege Fellesråd, seier Lofnes Hauge.

Ragnar Eimhjellen

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

– Venstre kan vere med på å sikre kyrkja betre kår, om det er mogleg, men når legedekninga blir sett opp mot tilskotet til kyrkja er det ingen tvil om kva Venstre sine representantar vel, seier gruppeleiar for Venstre, Ragnar Eimhjellen, som vil ta saka i formannskap og kommunestyret.

Les også: “Her kan dei bli ståande utan legar” (NRK Sogn og Fjordane).

Budsjettet blir vedteke i kommunestyret 17. desember.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**