– Set borna først!

For Venstre vert kamp mot barnefattigdom ei fanesak. – Noko av det mest hjarteskjerande i velferdssamfunnet Noreg anno 2013 er vissa om at det framleis er titusenvis av barn som veks opp i fattigdom eller opplever svikt i omsorga, sa Terje Breivik, stortingsrepresentant frå Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Kvar tapt barndom er ein for mykje — punktum.
Venstre påpekte under behandlinga av barne – og familiebudsjettet at ingen bør vera fornøgde med innstillingane, kva gjeld fattigdomstiltak, anten ein stiller seg bak det raud-grøne forslaget eller budsjettforliket.

– Fattigdom kan ramma kven som helst — ofte uventa, tilfeldig og av samansette grunnar. Somme er varig ute av stand til å skaffa seg ei inntekt dei kan leva av. Dei skal ha eit støttenivå som gjev dei høve til verdige liv. Støtteordningar som er avgjerande for livsvilkåra til barn, skal vera rause, sa Breivik.

– Skal me løysa fattigdomsutfordringane, er det eit sett med verkemidlar som må gjennomførast: målretta støtteordningar over statsbudsjettet, ikkje minst når det gjeld å hjelpa vanskelegstilte inn på arbeidsmarknaden, auka sosialhjelpssatsar, tidleg innsats når det gjeld barnevern og skule, ei storstilt satsing på rusfeltet og psykiatri og sist, men ikkje minst, at me tek i bruk differensierte og dels gratis satsar for universelle ordningar som opphaldsbetaling i barnehagar, SFO og barnetrygda — for å nemna nokre, sa Breivik.

Ungdom, psykiatri

Foto: Microsoft

Samanlikna med både det raud-grøne utgangspunktet og budsjettforliket har Venstre i det alternative budsjettet sitt ei meirsatsing for å motverka fattigdom på om lag 1,6 mrd. kr.

– Heller ikkje det er nok til å avskaffa fattigdommen, men det indikerer Venstre sitt ambisjonsnivå i neste omgang.

Barnevernet — eit høgt prioritert område
Fyrstelinetenesta i det kommunale barnevernet er styrkt dei siste åra, noko Venstre er samd i er viktig. Venstre er likevel på ingen måte fornøgd med nivået og ynskjer ei langt kraftigare satsing i kommunane og auker løyvingane til kommunalt barnevern med 150 mill. kr i det alternative budsjettet.

– På dette området er kanskje det mest gledelege med eit valresultat som ga nytt fleirtal og ny regjering, at det kan føra til ein renessanse for private barnevernstilbod. Det er liten tvil om at kontraktsvilkåra og haldningane private aktørar har møtt dei siste åtte åra, har gått direkte ut over tilbodet til nokon av dei mest sårbare individa me har eit felles ansvar for: barn og unge som opplever svikt i omsorga, sa Breivik.

– Omsorgsbehova er så til dei gradar samansette og individuelle. Då må tilbodet spegla det av. Ideelle og private aktørar er viktige og heilt nødvendige supplement — ikkje eit problem. Dessutan har det truleg heller ikkje dei store budsjettmessige fylgjene å gje dei betre vilkår, sa Breivik.

Hele debatten her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**