Jordnær Venstre-politikar treng to tusen nye røyster

Dykk i arkivet: Førstekandidat Ragnar Eimhjellen (V) freistar å kome på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 1981. Han prøvde også i 1977. Det heldt ikkje inn. I år fekk han revansj som valkampsjef for Rotevatn2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Bergens Tidende, tirsdag 7. juli 1981

Ragnar Eimhjellen freistar igjen:
Jordnær Venstre-politikar treng to tusen nye røyster

raggie

Foto: peder

Tekst og foto: Olav Garvik
SANDANE: Ragnar Eimhjellen er optimist slik det høver seg for ein venstremann som treng sterk bør om det skal lukkast å sigla like inn på Stortinget i haust. Det står mykje att før målet er nådd, om vi legg valresultatet frå 1977 til grunn. Men den 38-årige lektoren ved Firda Gymnas er meir huga på å snakke om røystetalet i 1979, då Venstre greidde godt over fire tusen røyster ved fylkestingsvalet. – Får eg eit par tusen til skal det gå! smiler den iherdige politikaren som også freista å nå målet for fire år sidan.

Optimist, ja. Men det er såmenn ikkje nokon utsvevande drøymar som helasr Bergens Tidende velkomen i den hyggelege heimen litt utanfor Sandane sentrum. Eimhjellen verkar avslappa, roleg og nøktern når han tek til å fortelje om kva han vil i politikken. Det er ikkje dei store orda som fell han i munnen. Med bakgrunn frå eit småbruk i ei utkantgrend, utan straum eller andre moderne hjelpemidlar, er det ein jordnær Venstre-politikarar som ber veljarane i Sogn og Fjordane om tillit.
Det byrja i 1972
Ragnar Eimhjellen høyrer heller ikkje til den garde politikarar som alt frå tidlegaste ungdomsår stakk nasen i det politiske vepsebolet. han dreiv med idrott på eit vidt felt. Men i 1972 var det ingen veg utanom. EF-striden og Venstre-kløyvinga treiv tak i den nyutdanna lektoren, og med store byks bar det snart til topps i eit parti som låg på ryggen med store smerter vinteren 1973. Eit par år etter vart han formann i fylkespartiet, og tok samstundes sete i kommunestyret i heimbygda Gloppen.
Men ikkje nok med det. Medan Venstre på dei tider nær sagt remja etter hjelp frå alle kantar, sette bondesonen jamvel i gang med sitt eige, private byggverk. I ur og ulendt terreng må han gjennom åra som er gått ha ofta utruleg mange timar i slit og sveitte for å skapa reine prakthagen.
Då BT var innom, sto han elles på spranget for å dra til Nordfjordeid. Han skulle gje blod. Kan vi her å støytt på ein av dei få “vekst-politikarane” i Venstre?

Vekst for dei veike
– Det spørst kva ein meiner med vekst, seier lektoren. Tru då ikkje at Venstre vender ryggen til all slags vekst. Det kan ikkje vera tvil om at vi treng vekst som kjem veike grupper og distrikt til gode. Tenk berre på dei funksjonshemma, og her i fylket har vi elles mange næringsveike distrikt der arbeidsplassa er i fare. Mykje av dette heng saman med ein feilslått næringspolitikk. Bør det ikkje forresten vera ei nasjonal oppgåve å ta vare på det vesle vi har att av sko-industri her til landsm spør han og nemner Jarl skofabrikk i Dale som er ei av dei få verksemdene som enno lever.
– Får vi ei ny regjering, vil eg inderleg vona at ho byrjar sjå på Sogn og Fjordane på line med Finnmark. Vi har kommunar her som er like næringsveike som i nord. Små verksemder må få høve til å stå på eigne bein, og lat oss starta med å slå av på arbeidsgjevaravgifta.
Skulle eg ha halde fram og vona meir av ei slik regjering, kjem vi ikkje utanom større løyvingar for å betra vegstandarenm og dessutan fullføring av vegprosjekt som alt er sette u gang. På helse og sosialsektoren må det òg krafttak til for å unngå at lokale sjukehus vert nedlagde.

Kraft-utbygging
– Er det plass for meir kraft-utbygging i fylket?
– Der er desverre blitt skapt eit inntrykk av at alt står og fell på Gaularutbygginga. Vi skal ikkje gløyme at det er fleire mindre, ukontroversielle vassdrag som kan og bør utbyggjast først. Vi har i Venstre påvist at der er fleire slike mindre vassdrag som står lagleg til. Desse kan til saman gje store mengder kraft. Tenk og på kva som kan effektiviserast og sparast! Vi har rekna ut at det utan vanskar kan sparast kraft på landsplan som tilsvarar fem gonger Gaular-vassdraget.
Held vi oss til den krafta som vert produsert her i fylket, ser vi straks at der er slept for mykje ut or fylket utan at vi har krevd noko att. Kor lenge skal vi halda fram med å subsidiere andre? Vi kan heller ikkje subsidiera kraftkrevjande industri med billeg kraft. Skal vi sjå litt framover, vil det vera ønskjeleg om vi får meir av vidareforedrling, som vi gje fleire arbeidsplassar enn vi har no.
– Eg var ein tur nyleg til Luster for å setja meg betre inn i planane omkring Breheimen-utbygginga, seier han vidare. Eg er skeptisk til å byggja ut der, for det er fleire store problem som møter oss om vi går til det steget. Folk står i kø for å byggja seg nye driftsbygningar i dette området, men etter kvart held det på å breie seg mørk pessimisme. Vi må t.d. sjå nærare på kva som kan gjerast med flaumsikring, og før vi i det heile kan gje oss til å diskutera konsesjon, må vi vera i stand til å innfri viktige krav frå grunneigarane. Vi treng utgreiing om klimaendringar, for vi veit altfor lite om kor utsett frukttrea kan bli for frostskadar.

Olje-ressursane
Ragnar Eimhjellen kjem sjølvagt inn på utsiktene i samband med olje-verksemda, og nektar ikkje for at mykje av dette må helsast med glede. – Vi vil ha del i dei olje-retta aktivitetane, men vi kan ikkje gje plass til dei store anlegga, slik ein t.d. har på Ragnes. Det vil ikkje gå, for resultatet må i så fall bli avfolking i stor stil mange stader.
Eg ser slett ikkje på olje-ressursane som noko ulykke, om nokon skulle tru det. Men la oss gje oss tid, for oljen forsvinn jo ikkje. La oss styra ressursane slik at vi kan ha glede av dei i lang tid frametter. Derfor treng vi eit lågare tempo enn dei store partia har lagt opp til.7
– Ser du som Venstre-politikar eigentleg fram til at vi skal få ei ny regjering?
– Ja, sjølvsagt, og heri fylket får eg då vona at eg greier å knipe eit mandat frå Arbeidarpartiet! Skulle partiet mitt koma i avgjerande posisjon i Stortinget, vil det vera lettare å stø ei regjering av Kr.F., Senterpartiet og Venstre enn ei rein Høgre-regjering. Det vil etter mi meining vera utenkjeleg at det ikkje skal kunne finnast andre alternativ til eit Arbeidarparti-styre enn ei Høgre-regjering dersom dei tre samarbeidspartia ikkje vert samde. Etter samtalar eg har hatt med leiande krefter i dei to andre sentrumspartia i Sogn og Fjordane ,er der i ferd med å breia seg sterk otte for det hopehavet med Høgre som er kome i stand.
Ser vi på den fellesfråsegna som er lagt på bordet, er der ikkje mykje av sentrumspolitikk. Høgre har utan tvil vore flinkast til å fremja sitt syn. Det gjeld ikkje minst innan oljepolitikken.
– Er Høgre hovudmotstandaren din?
– Både ja og nei. Går vi etter tradisjonelle skilleliner, er nok Venstre eit “borgarleg” parti. Men slike ord er uinteressante i dag. I praktisk politikk er der andre skilleliner. I arbeidet i Stortinget går jo Høgre og Arbeidarpartiet svært så godt saman, i sak etter sak, seier Ragnar Eimhjellen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**