Berre kaffikos

Lokalavisene har stor makt til å gå samfunnet etter i saumane. Spørsmålet er om det skjer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Den ideelle og den reelle verda er ikkje alltid synkroniserte. Korleis forvaltar lokalavisene oppgåvene som frie og kritiske medier i lokalsamfunna sine?

Ei lokalavis er mediet alle fryktar – og elskar
Lokalavisa skal presentera sakene som bind samfunnet saman, og sjå kritisk på alt som ikkje er som det bør vere. Ein vanskeleg balansegang, men desto viktigare er det å greie han.

Skal spegle samfunnet
Lokalavisene skal spegle heile samfunnet: Det dreier seg om økonomi og politikk, om vitskap og kultur. Det dreier seg om å fortelje dei underkommuniserte historiene, drøfte og belyse det som er vanskeleg. Det dreier seg om å formidle verda rundt oss slik ho er, og gjere oss i stand til å sjå henne på nye måtar.

Lokalavisene er viktige premissgjevarar for formidlinga av det som skjer lokalt. Ja, kanskje dei viktigaste, i tillegg til regionale og lokale nettstader. Få andre skriv og drøftar om det som skjer i lokalsamfunnet, på same måten som lokalavisene. Og dei er leverandørar av nyheiter til dei store riksavisene.

Nettopp difor er det avgjerande at det finst lokalaviser som tek for seg regionane og lokalsamfunna på ein seriøs måte. Slik har avisene eit særleg ansvar. Spørsmålet er om dei tek dette ansvaret på alvor.

Det finst 227 aviser i landet i 2012, ifylgje rapporten «Avisåret 2012». Dei fleste av dei er distrikts- og lokalaviser. Fire dagar i veka les eg ei av dei, avisa Valdres. Jamleg les eg om skulesamanslåing, om møte i formannskapet, om ridehallar og storhallar, om entreprenørar som utvidar bedrifta, om eldsjeler og om lokale skitalent. Dei som er på bileta, smiler. Eller har tommelen opp.

Bør skapa debatt
Kva er det eg saknar? Eg saknar ei meir offensiv satsing på djuptgripande artiklar og verdidebattar som set utviklinga og lokalsamfunnet i perspektiv: Kva slags landbruk ynskjer vi i bygda vår? Kvar finst det skjulte maktstrukturar? Korleis fungerer lokaldemokratiet? I kva retning går kulturlivet? Kvar blir det av artiklane som løftar blikket ut or eigen dal, som hentar idear utanfrå, og som ser vår heimlege bygdehygge frå ein annan ståstad? Og kvar er leiarane som skapar debattane?

«Dei fleste lokalavisene har monopolsituasjon i lokalsamfunna sine. Dei har ikkje konkurranse og ikkje nokon som pressar dei», seier Torgeir Dimmen ved Høgskulen i Volda.

Kanskje skal lokalavisene utnytte monopolposisjonen endå meir og dyrke rolla som navet for ei større kritisk offentlegheit?

Kanskje er det ikkje alltid like viktig kva som står i avisa. «Det er like viktig at avisen kommer ut og foreligger, som at det står noe i den», skriv idéhistorikar Trond Berg Eriksen i boka Budbringerens overtak. Perspektiver på skriftkulturen. Å lese avisa er som eit ritual, ein vane, noko vi må.

I 2012 las 34 prosent av oss ei distriktsavis, men berre ti prosent av oss las ei lokalavis, går det fram av tal frå medienorge.uib.no. Samstundes viser tal frå TNS Gallup om lokale medium at lokalavislesarane er meir lojale enn lesarar av riksaviser.

«Lokalavisen Valdres har eksempelvis en lojalitet på 80,9 prosent i sitt nedslagsfelt, mens VG har 14,2 prosent i samme område», seier Trude Margel i Mediasite.

Limet som held bygda saman
Mange lokalaviser skårar utvilsamt høgt i arbeidet med å styrkje samhaldet i lokalsamfunnet. Dei er limet som held bygda saman, og dei bidreg til å skape konforme, trygge og føreseielege miljø: Det dreier seg om å skrive positivt om det som skjer, støtte regionale og lokale tiltak og initiativ. Vi skal snakke kvarandre gode, opp og fram.

Mange synest òg det er fint å lese om det som er hyggeleg – nyheiter utan bråk og kritikk, utan støy. Kvifor alltid diskutere? Ja, kvifor alltid diskutere?

Bak den tilsynelatande problemfrie kvardagen finst det ein endå sterkare og meir straumlinjeforma konformisme. Det banale faktumet er at semje og lojalitet løner seg. Det er ein risiko å skilje seg ut, ta ansvar og vere tydeleg: Du må vere budd på å kjempe åleine for det du trur på. Kampen kan vere einsam – ikkje minst i små lokalsamfunn. Kritikk har sin pris.

Men, kos og konformisme bringar ikkje lokalsamfunna framover, diverre. Den manglande kulturen for debatt gjer at reelle motsetningar ikkje alltid kjem fram. Lokalavisene blir ufarlege produkt som sjeldan og aldri uroar botnen i samfunnslivet. Debatt og fagleg usemje er ei ytringsform, ei nødvendig og stimulerande kulturell samværsform. Kritikk er noko essensielt, noko vi ikkje kan vere utan, ein måte å nærme seg fakta om verda på.

Samfunnet gjer framsteg ved å kritisere etablerte sanningar, seier filosofen Karl Popper (1902-1994). Fri diskusjon er med på å auke sjansen for at vi i det minste nærmar oss sanninga og slik kan kvitte oss med feiltolkingar.

Auka engasjement
Lokalavisa har eit ansvar for å bidra til auka engasjement og debatt og vere med på å leggje til rette for ein kultur omkring debatten som form – ja, faktisk sjå kritikk som eit mål i seg sjølv.

Til sist dreier det seg om truverd og integritet overfor avislesarane – og i det seriøse medielandskapet.

Knut Aastad Bråten
Nord-Aurdal Venstre

Kronikken har stått på trykk i Aftenposten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**