Lærarløftet på bar bakke

Konflikten mellom lærarane representert ved Utdanningsforbundet og Kommunenes Sentralforbund (KS) går vidare, og forhandlingane synest for augneblinken å vera låst.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Her er eit utdrag av lesarinnlegget som var på trykk i avisa “Hordaland” laurdag 8/2-2014. Heile innlegget kan òg lesast her

I konflikten har KS gått frå først å presentera eit svakt forhandlingstilbod, til seinare å koma attende med eit nytt forslag, som verka endå meir provoserande overfor Utdanningsforbundet og lærarane.

Knut Olav Røssland Nestås

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Er den nye vinen at mindre tid med elevane og meir styring ovanfrå, skal gi ein betre skule?

I desse dagar reknar eg med at eg er ein av mange lokalpolitikarar som stiller spørsmålet: Kva er det KS held på med? Og kor har dei mandatet sitt frå? I valkamp etter valkamp, særskilt i samband med stortingsvala, verkar det som om partia har eit intenst ønskje om å likna mest mogleg på kvarandre i utdannings- og kunnskapspolitikken. I 2013 annonserte Arbeidarpartiet nye saker dei skulle løfta for stortingsperioden 2013-2017, om den raudgrøne regjeringa vart valt på ny.

Sakene var nærast «copy & paste» av kva ulike borgarlege parti hadde fremja i Stortinget i perioden 2009-2013, og markerte ei meir eller mindre openbar konsensuslinje knytt til synet på norsk skule. Konsensuslinja kan — i grove trekk — summerast opp slik:
Læraren er viktig, og eit lærarløft er riktig. Detaljane i dei ulike politiske framlegga varierer sjølvsagt noko, men regjeringa som sit i dag har gjennom eit samarbeid med Krf og Venstre alle moglegheiter til å styrka skulen for framtida. På borgarleg side er korkje etter- og vidareutdanning for lærarar, karriereløft for lærarar, skjerping av opptakskrav ved lærarhøgskulane eller reduksjon i byråkrati, omstridd på nokon måte.

Det at dei borgarlege partia er så eintydig samde om at til dømes reduksjon av byråkratiet i skulen er sentralt, burde senda eit klart signal om kva regjeringa og samarbeidspartia forventar at læraren skal kunna bruka tida si på i framtida:
Å vera lærar — ikkje byråkrat.

Skole, elev, tavle, undervisning

Foto: Microsoft

Som lokalpolitikar ønskjer eg å utfordra politikarane som sit i hovudstyret i KS på følgjande:
Kor har de mandatet dykkar frå? Korleis har de tufta grunnlaget for dette mandatet ute i kommune- Noreg? Og som oppfølgingsspørsmål: Ser de ikkje at forhandlingsframlegget dykkar kan forverra situasjonen i norsk skule, og dermed forverra situasjonen i kommune-Noreg?

KS skal bana veg for kommunane inn i framtida, og er kommunesektorens interesseorganisasjon. Pr. i dag ser det ut som om KS gjer kommunane ei bjørneteneste for framtida. Kommuneøkonomien gjer lokalpolitikk krevjande nok allereie, og me treng hjelp frå vår eigen interesseorganisasjon til anna enn å bidra til ei framtidig underdekning av lærarar.

Kjære dykk i KS, vit dette: Det er inga skam å snu. Og til dei i hovudstyret vil eg seia: Finn fram den gamle eleven i deg, og gjer som du eingong gjorde: Lytt til lærarane dine.

KNUT OLAV RØSSLAND NESTÅS,
KOMMUNESTYREREPRESENTANT (V), VOSS

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**