Innlegg: Det lokale folkestyret

I desse dagar pågår det ein omfattande utgreiingar om korleis kommunane i Nordhordland og Gulen kan slå seg saman. Det er på høg tid å engasjere folk flest i dette arbeidet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


I rapportane «Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland» og «Nordhordland – kommunestruktur 2015», skisserer Telemarksforsking opp ulike alternativ for ein framtidig kommunestruktur i Nordhordland. Desse strekkjer seg frå å halde fram med ni kommunar, som i dag, via å slå saman grupper av dei ni kommunane, til å slå saman alle ni til Nordhordland kommune. Som vi skjønar, er dei potensielle konsekvensane her store.

På sist kommunestyre i Gulen handsama vi desse planane; ikkje for å velje eit alternativ, men for å avgjere om Gulen vil vere med i den vidare prosessen. Det ville kommunestyret i Gulen, om enn med litt ulike motiv. Høgre med stor iver, Sp med ei nøktern tilnærming til at dette er noko som tvingar seg fram, og vi andre stort sett ein stad i mellom dei to. Felles var nok at politikarane i Gulen ser behovet for å vurdere kva som er den beste måten å organisere det lokale folkestyret på. Vi vart dermed samde om å gå vidare på det såkalla «samanslåingsløpet», der vi vil undersøkje meir kring dei ulike samanslåingsalternativa. I denne drøftinga av vegen vidare gløymde vi dermed også noko heilt essensielt — å engasjere innbyggjarane i prosessen.

Fordi dei moglege konsekvensane er så store for heile samfunnsorganiseringa, bør dette vere ein prosess som ikkje er drive fram av lokalpolitikarar og konsulentar, utan at innbyggjarane heilt veit kva som er i ferd med å skje. I slike diskusjonar har vi i det siste ein tendens til å gjere innbyggjarane — oss sjølve — til brukarar, kanskje til og med kundar. Det kan vere vel og bra, i og med at mange av argumenta for kommunesamanslåing handlar nett om ein meir effektiv produksjon av dei tenestene vi alle nyttar oss av. Men det handlar også om så mykje meir. Spørsmålet vi no står overfor er korleis vi, som medborgarar, best kan organisere lokaldemokratiet vårt?

Spørsmålet er uhyre samansett, og dei to rapportane frå Telemarksforsking tilsvarande vage. Det dei skriv om demokrati kan, noko sett på spissen, summerast opp til at det er demokratiske føremoner med små kommunar, men det er det også med store kommunar. Dei legg til at det ikkje finst eintydig empirisk forsking på spørsmålet. Nei korleis skulle den ha sett ut?

Dei store kvantitative studiane av demokratisering, dei som teiknar det store biletet er langt meir grovkorna enn det vi treng her. Dei puttar gjerne ulike regimer i kategoriar som «demokrati» eller «ikkje demokrati», basert på slike ting som om det vert helde frie og rettvise val. Uansett kva resultatet blir for kommunane i Nordhordland, kan vi nok vere visse på at det blir demokratiske kommunar.

Om nye større kommunar blir meir eller mindre demokratiske enn i dag, er knapt eit empirisk spørsmål — noko ein berre kan sjekke. Det handlar om kva vi som medborgarar meiner med, og vil med, lokaldemokratiet. Om ein ser demokratiet som staden der ein samlar alle interesser, og gjer oppteljing over kven som er flest, får ein kanskje eit anna svar enn om ein ser demokratiet som staden der ein drøftar og einast om ting. Skal det vere eit styre av folket, eller er det nok at det sånn høveleg representerer folket? Er det nok at det styrer for folket? Kanskje med folket er det sentrale?

Kanskje ligg svaret like mykje i kva vi meiner med den andre delen av ordet — «lokal». På den eine sida er det opplagt at ein stor kommune er eit mindre lokalt styre enn ein mindre kommune. På den andre sida veit vi at vegar og andre kommunikasjonar har skapt nye bu- og arbeidsområde, og andre grenser for det lokale, enn kva vi hadde for nokre tiår sidan.

Lokalpolitikarar sit ikkje med svara på desse spørsmåla. Ikkje finn vi dei i rapportar frå Telemarksforsking eller andre heller. Så store samfunnsmessige spørsmål kan berre funderast på meiningane til medborgarane i kommunane. Eg ønskjer debatten velkommen.

Bjarte Undertun
Leiar i Gulen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**