Kvalitetssikring av kostnadene ved bygging av bybane til Åsane

I fylkesutvalet 5.desember 2013 hadde Mona Haugland Hellesnes spørsmål til fylkesordføraren om konsekvensane for framdrifta av bygging av Bybanen sett i lys av at Arbeiderpartiet og Høgre gjekk inn for tunell.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det vart samtidig levert eit oversendingsforslag til fylkesrådmannen der det vart bedt om ei kvalitetssikring av kostnadane med Bybanen til Åsane. Denne kvalitetssikringa vart i dag presentert.

Bybanen i Bergen

Foto: Bybanen i samarbeid med BA

Hordaland fylkeskommune har ønska ei ekstern kvalitetssikring av investeringskostnadene knytt til ulike trasealternativ for bybane til Åsane. I dag vart rapporten, utført av Terramar, overlevert til fylkesrådmann Rune Haugsdal.

I alt 11 mogelege traseval for byggesteg 4 frå sentrum til Vågsbotn er vurdert i rapporten. Kvalitetssikringa dekkjer berre investeringskostnadene. Den ser ikkje på driftsutgifter, nytteverdi av bybanen eller korvidt andre løysingar burde vore vurdert.

Mona Haugland Hellesnes, gruppeleiar for Venstre, er nøgd med at rapporten er så klar.

Mona Haugland Hellesnes

Foto: ukjent

– Eg er glad for at skilnaden i kostnader er så tydelege i rapporten. Då må ein vere villig til å ta, og finne løysingar for meir finansieringa på tunellalternativa. Gjer ein ikkje det, vil bybaneutbygginga stoppe opp og alle vert taparar.

Haugland Hellesnes er og klar på at ho fortsatt ser ei løysing i dagen som det beste alternativet
– Vi treng bybane til Åsane så snart som mogeleg. Ei løysing som i hovudsak går i dagen, ikkje i tunell, gjev best kollektivdekning og byutvikling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**