Bekymra over huset til ungdommane

Ingen veit enno kva som vil skje med Metropolis når Tinghuset blir flytta. Eit 14 år gamalt ungdomshus kan bli jamna med jorda, ein ny stad for ungdommane må på plass fort, meiner politikarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Forebygging av frafall i idrett blant ungdom - dans

Foto: AA

Per A. Thorbjørnsen, sint, stavanger, rogaland, alvorlig

Foto: Jo Straube

I 14 år har Metropolis hatt sin stad på Nytorget, og i 14 år har dei servert musikkartistar til ungdommar, opna dørene for danseglade og bidrege til at unge lydteknikarar har fått utvikla seg. Metropolis har rundt hundre arrangement i året i tillegg til møter, speleturneringar og utlån av medierom. Dette er eit tilbod leiaren i ungdommane sitt bystyre, Bjarte Espeland Horpestad, ikkje vil at dei unge skal gå glipp av.

— Eg er bekymra for at det ikkje er alt for mange år til byggjinga vil byrja, då må me ha ein ny plass til Metropolis, seier han.

Ventrepolitikar Per A. Thorbjørnsen deler bekymringa til ungdommen og vil ta eit tak saman med dei for å få dette på dagsorden.

— Det vil bli radikale endringar med Nytorget. Blir det ikkje Tinghuset som kjem her, så vil det koma noko anna, seier Thorbjørnsen.

Dei to er einige om at dei må ha eit nytt hus klart før gravemaskinen byrjar å riva. Kvar plassen blir, og kor stort huset skal vera, avhenger av kor mykje huset betyr for ungdommane. Dette vil ungdommane sitt bystyre diskutera, og Thorbjørnsen vil ta det opp med samarbeidspartia for å finna ei løysing.

Innarbeidd namn
Då Aftenbladet omtalte Metropolis då det opna i år 2000, blei lesarane informert at dette var på den gamle politistasjonen. I dag kjenner dei fleste til at ungdomshuset ligg på Nytorget ved St. Petri Kirke, og politistasjonen er for mange vake minner. Ikkje mykje innanfor dørene heller minnar om ein politistasjon. Veggar måla med sterke fargar av menneske og figurar viser alt anna enn dette.

Sebastian Waldejer, som er teknisk ansvarleg på Metropolis, fortel at det er svært viktig å få behalda eit liknande tilbod. Men 2000 kvadratmeter, slik dei har i dag, trur han ikkje er nødvendig.

— 300 kvadratmeter av det me har i dag er korridor, det er kanskje ikkje nødvendig. Det er viktigare at me er i sentrum der ungdommen henger, seier han.

Dette meiner også politikarane er viktig i drøftinga om ein ny stad.

— Plasserer du huset i ein anna bydel, får du eit problem om ungdommane må ta buss vidare, det er her i sentrum at kollektivtrafikken møtes, seier Horpestad.

— No har debatten om eit nytt Rogaland Teater gått, det er det tre tomtealternativ igjen. Utenriksterminalen er under sal alt, om den ikkje blir solgt, er den eit alternativ, seier Thorbjørnsen.

Sjølv om den 61 år gamle venstrepolitikaren fekk stoppsignal for alderdom då han prøvde å entra Metropolis, er han like engasjert som den 16 år gamle ungdomspolitikaren Horpestad.

— Det er 45 år i mellom oss, men likevel er me saman om bekymringa for dette huset, seier Thorbjørnsen og flirer av det heile.

Må komma i gong
Thorbjørnsen meiner at hurtigbåtterminalen kan vera eit alternativ når Ryfast er ferdigstilt.

— Ryfast skal vera klar i 2019, kva om dei må riva Metropolis før den tid?

— Me må ikkje stå på bar bakke når gravemaskinane er klare, svarer han, og fortel at dei difor må skapa eit kortsiktig og langsiktig mål.

Horpestad trur Metropolis vil missa nokon av ungdommane om dei går nokre månadar utan ein stad å vera, difor er det ekstra viktig å koma raskt i gong. Debatten vil bli tatt opp allereie før sommaren, ifølgje Thorbjørnsen.

Ordføraren for ungdommane sitt bystyre meiner at Jorenholmen er draumestaden.

— Tenk å smelt opp eit stort ungdomshus der — det hadde vore noko, seier Horpestad og smiler.

Politikarane trur ikkje dette blir ei sak der politikarane diskuterer for eller mot ungdomshuset, men meir ein debatt om plassering, økonomi og kva løysingar som kan vera aktuelle.

Henta frå Aftenbladet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**