Tilskot til utbygging av tømmerkai på Eidsnes i Lindås kommune

I fylkesutvalet 24.april vart det behandla ein søknad frå Nordhordaland Skogeigarlag om tilskot til utbygging av tømmerkai på Eidsnes i Lindås kommune. Fylkesutvalet vedtok samrøystes eit tilskot på 1 million kroner.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Eidsnes tømmerkai vart i 2012 plukka ut som ein av 5 som fekk arbeida vidare med sin søknad for å få ein del av dei 25 millionane ekstra det vart løyvd over statsbudsjettet til utbygging av tømmerkaiar langs heile kysten. Nordhordaland Skogeigarlag har søkt Hordaland fylkeskommune om delfinansiering av prosjektet.

Mona Haugland Hellesnes, gruppeleiar for Venstre og fylkesvaraordførar er glad for at fylkeskommunen i dag har gjeve Skogeigarlaget ein million i tilskot til bygginga.

– Eg er glad for at vi i dag har gjeve ei handsrekning til kystskogmiljøet og dermed legg til rette for meir bruk av kystskogen vi har i fylket.

tømmerstokker vann skog tømmer innsjø

Foto: Jan Harsem

Kystskogbruket og skogbruk generelt er viktig for heile fylket. Hordaland har mykje hogstmoden skog, og det er viktig at vi har ein god infrastruktur for å kunne nytte oss av denne naturressursen. Ein slik kai vil vere ein viktig del av infrastrukturen for å nå marknadene for trevirke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**